Legg ned drifta i drivhuset på Golf
Ekteparet Roald og Marianne Voll avviklar drifta i tomatgartneriet på Ombo. Vanskar med å skaffa arbeidskraft er hovudårsaka.
OMBO: Det har vore veksthus på Golf i eit par mannsaldrar, men nå er det slutt.,
-Me har tappa vatnet av anlegget, gitt beskjed om at dei kan henta gasstanken og sagt opp leveringsavtalen med Coop. Dette blei 17. og siste sesongen for oss, seier Roald Voll til Øyposten.
Lei av å læra opp nye
Han grunngir avviklinga med at både han og kona «begynner å dra på åra», men først og fremst med at det er vanskar med å skaffa arbeidskraft.
-Me kan ikkje driva å læra opp folk på nytt kvart år, me treng ein stabil stab av arbeidsfolk som har lyst til å koma hit, seier Voll, og siktar til begrensningane for utanlandsk arbeidskraft.
-Har dei høge energiprisane hatt betydning for avgjerda?
Moderne gartneri
-Eigentleg ikkje, sjølv om gassrekninga mi har auka med fleire hundre tusen kroner. Men me har ikkje vinterproduksjon, og er ikkje så sterkt ramma som dei som har det. Men det kan nok bli ein kortare sesong for mange, seier Voll.
Veksthusgartneriet på Golf er på 2,7 dekar og er i fullgod stand.
- Det er synd å leggja ned. Me har bygd veksthusa opp til eit moderne gartneri, og saman med fruktproduksjonen er dette fint ein fulltidsjobb for ein familie. Men me kan ikkje jobba så mykje som me har gjort lenger. Nå trappar me ned, og konsentrerer oss om fruktproduksjonen. Den kan eg og kona i hovudsak ta åleine, seier Roald Voll.