Elevbedrifta frå Randaberg Vidaregåande var på Sjernarøymarken i sommar, og kjem tilbake til julemessa.

SJERNARØY:

Det skjer laurdag om halvanna veke, og ifølge meldinga frå turistbedrifta blir opplegget mykje det same som for Sjernarøymarken, men med hovudfokus på jul.,

"Vi pynter treet, henger opp julelys, fyrer opp bålpannene, varmer opp gløggen og inviterer deg til en koselig sammenkomst før julestria setter inn", heiter det i meldinga frå Sjernarøy Maritim. Om kvelden blir det diska opp til julemiddag med underhaldning.

Dei som foreløpig har meldt seg på til å delta på marken er:

Godt Gjort Randaberg

Søt Donuts

Donuts / Smultringar i alle fargar og smakar.,

Sjernarøy Husflidlag

Strikketøy til både dokker og folk, tre- og vevarbeid.,

Ryfylke Lefsebakeri

Ferske lefser, kråtakaker, tjukklefser og tortillachips.,

Trearbeid barn

Magic Formingsglede

Terjer Hidle

Ryfylke Bakeri & Konditori frå Jørpeland

Blei kåra til årets bakeri 2021, tilbyr sine delikatesser innan bakeri- og konditorvarer.,

Sykollektivet

Sjernarøy Honning

Cindy's Små gleder

Cindy Falkeid stiller med Foodtruck. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang