Fotballaget på Finnøy er klare til å møta rivalane i sør, Mastra i kveld i Vikevåg.

FINNØY-RENNESØY: Dei to laga trippar etter måla krefter mot kvarandre, forsikrar begge trenararne overfor Øyposten, og håpar lokale støttespelarar vil ta turen til stadion i Vikevåg for å heia fram sine.,

-Det er alltid kjekt å møta Mastra, og eg trur Finnøy kjem til å vinna 3-2, seier Finnøy-trenar Erik Torger Flesjå-Johansen til Øyposten.

-Korleis har laget forberedt seg til kveldens dyst?

-Å møta Mastra er i seg sjølv ein stor motivasjon. Me møter eit lag som er bra, og som eg trur me skal spela jevnt mot, seier Flesjå-Johansen.

Jone Østbø i Mastra trur også på seier, og tippar 3-2 til Mastra.

-Tippar Finnøy-trenaren 3-2 til dei, då er me i alle fall enige om at det blir fem mål. Eg tippar det står 2-2, og  like før slutt scorar Mastra og avgjer kampen, seier Østbø optimistisk.

Han seier forventningane til kampen er stopre i Mastra, og klubben har dessutan forsøklt å sprita opp stemninga gjennom sosiale medier.

-Både Mastra og Finnøy har blitt vesentleg betre lag dei siste åra, legg han til.