MF "Fedjefjord" skal ut av Finnøy-sambandet i løpet av november, lovar Norled.

FINNØY:

"MF Hidle kommer i rute i løpet av november. Fedjefjord vil betjene ruten inntil da", skriv kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen i Norled i ein sms til Øyposten.,

Meininga var at dei to nye ferjene "Hidle" og "Ombo" skulle vore i trafikk i løpet av juni, men er blitt forsinka på grunn av korona ved verftet i Tyrkia, ifølge Norled. Når det gjeld skjebnen til søsterferja "Ombo", skriv Gjertsen dette i ein annan sms:

"Det blir sjøprøver ved verftet i slutten av oktober, men har ikke fått eksakte datoer her enda dessverre".

Når denne ferja set kursen nordover er dermed uvisst.