Dagleg leiar i Kyrkja i Finnøy, Heidi Bø Sangedal.

FINNØY/RENNESØY:

Biskopane i Den norske kyrkja ber dei lokale sokneråda vurdera å utsetta konfirmasjonsgudstenestene i vår.,

-  Prosti skal vurdera dette i lag med prestane i Finnøy i eit møte 3. februar, samt med Hesby, Talgje og Sjernarøy sokneråd. Planen er å ha klar ei innstilling i forkant av det fyrste soknerådsmøte som er 9. februar. Det betyr at me har eit svar klart andre veka i februar. Tanken er at eit felles Arbeidsmiljøutvalg gir same innstilling til soknerådsmøta med bakgrunn i råd som er komme ifrå sentralt og lokalt hald, seier dagleg leiar ved kyrkjekontoret på Finnøy, Heidi Bø Sangedal.

I Rennesøy og Mosterøy menigheter vil dagleg leiar Jørn Eric Gabrielsen ha eit svar klart til konfirmantforeldra fredag 5. februar.

- Før me sender utinformasjon skal dette diskuterast innad i staben, i tillegg til innspel ifrå Rennesøy og Mosterøy sokneråd. Så får me sjå kva som skjer, seier Gabrielsen. I Rennesøy og Mosterøy er rundt 70 konfirmantar i år.

I Finnøy kommunedel er det i år til saman 25 konfirmantar, og to konfirmasjonshelger:

og 2.mai Hesby/Jørstad

8. mai Fogn/Sjernarøy

23.mai Fogn

9.mai Talgje/Halsnøy