Tidlegare kommunelege i Finnøy, Eivind Vestbø,

Er korona vaksinasjonen farleg ? Vi kan undersøka  problemet med å tenka litt rundt «fare». Tre ting må  då til:,

kor farleg er ei hending ?, kor stor sjanse er det for at hendinga finn stad ?, kor stor er usikkerheita for  kor farleg hendinga er, eller sjansen for at ho skal finna stad ?

«Fare»  burde logisk sett  vera eit produkt av 1. x 2. . Slik at dersom hendinga er farleg,  men  sjansen svært liten, blir òg produktet  lite. Døme: Dødsfall i trafikken  er ei farleg hending.  Men vi køyrer likevel bil. Grunnen er at sjansen er liten, og difor  blir òg «fareproduktet»(1. x 2.) lite. Usikkerheita  (3.) er ein joker i dette spelet. Når den er til stades, har vi ein tendens til å auka både faren i sjølve hendinga (1.), og sjansen for at ho skal finna stad(2.). Truleg har vi gjennom vår utviklingshistorie utvikla ein hjerne som vil vera føre var.

Jokeren  endar lett  i skepsis når det gjeld korona vaksine. «Ingen har garanti, best å la vera». La oss likevel prøva setja opp eit  risiko rekneskap utifrå det vi  veit.

Mot vaksina:

  • historia har synt at vaksiner kan gi alvorlege biverknader (1.).

  • vaksina  får kroppen til å produsera antistoffer som i teorien kan skada  både virus

og pasienten sjølv. (1.)

  • utviklinga har gått for fort. Massevaksinasjon blir sett i gong med for kort observasjonstid og

for dårleg kontroll.

For vaksina:

  • historia har synt at biverknader til vaksinerer svært sjeldne (2.)

  • mange titusener individer er alt vaksinert  mot korona  uten observerte biverknader (2.)

  • utvikling og kontroll har gått fort;  ikkje  gjennom  å slurva, men pga stor innsats og resursbruk(1.)

Konklusjonen må bli: Det som vi veit sikkert er at  «fareproduktet»  (1. x 2.) uansett er  lite.  Og då har eg ikkje nemnt ein einaste av fordelane med å ta vaksina. Sjølv skal eg ta den.

Finnøy  16.11.20

Eivind Vestbø