Klar til å bistå under TV-aksjonen laurdag, alle med identiske "aksjons-tskjorter": Frå venstre Frode Selvaag, Berit Hopland, Sissel Marie Bjerga, Birger Wikre Hetland, Terje Imsland og Silje Klakegg.

FINNØY:

-Me skal vera der viss nokon treng hjelp til å finna ut av korleis dei skal gi, seier Birger Hetland, leiar av kommunedelsutvalet til Øyposten.,

På grunn av korona'en blir det nemleg ikkje bøssebærarar i år. I staden kan folk ringja inn gåver eller gi over nettet.

-Grendalaget på Ombo har til dømes oppretta ei felles digital bøsse, opplyser Hetland, som er spent på resultatet.

-TV-aksjonen i år blir annanleis, og det er spennande å sjå korleis det vil slå ut, seier han.

Det er ni frå kommunedelsutvalet som vil vera til stades i Innbyggartorget laurdag, frå 10 til 16.

Årets TV-aksjon går til organisasjonen WWF  som skal bruka pengane til å rydda opp plastsøppel frå havet.