Ola Aaasland Vold gjer seg klar til si første julegudsteneste som prest i Finnøy. (Foto: Rune Nedrebø)

Rune Nedrebø,

FISKÅ:

Ola Aasland Vold er både spent og forventningsfull til den nye jobben. Det siste halvtanna året har han jobba for Misjonssambandet som pastor på Jørpeland og med barne og ungdomsarbeid i Ryfylke.,

-Eg gledar meg til å bli kjent med folk i dei to sokna,  møta dei i livets ulike faser og situasjonar og få lov til å formidla evangeliet, seier Aasland Vold til Øyposten.

Første arbeidsdagen blir torsdag 1. oktober, og alt same veka, laurdagen, skal han ha si første dåpsgudsteneste, i Fogn kyrkje.

Den nye presten får fem gudstenestestader i si portefølgje, dvs. i kyrkjene på Talgje, Fogn, Jørstad og Sjernarøy, samt bedehuset på Halsnøy. Kontorstaden blir på Judaberg, men sjølv vil han bu på Fiskå kor familien held på å fiksa på eit eldre hus dei kjøpte i 2015.

Rett nedanfor huset ligg ein hurtiggåande Yamarin 7440 som han reknar med å bruka i jobben.

-Viss været blir for dårleg kan eg kanskje be fint om at Helgøy skyssbåt kjem innom, eller eg kan kjøra til Finnøy gjennom Ryfast. Litt heimekontor blir det kanskje også, seier han.

Aasland Vold hadde barndommen sin på Fogn og har mormor frå Mjølsnes på Finnøy. Kona Marita traff han på vidaregåande på Lundeneset i Ølen.

Misjonær i Afrika

Før han byrja i si noverande stilling, var familien misjonærar for Misjonssambandet i Vestafrika, frå hausten 2015 til våren 2019. Etter eitt år språkkurs i Kamerun, hadde dei sitt virke i Elfenbeinskysten. Det blei ei tid full av inntrykk og opplevingar for den vesle familien. Landsbyen dei budde i låg langt ute på landet,  70 mil frå den største byen, Abidjan, og levekåra der var heller enkle målt mot ein norsk standard.

Kulturelt var det eit samfunn med ein fot både i fortida og i nåtida.

Nå skal han inn i ei kyrkje kor det også er motsetningar, men Ola Aasland Vold trør forsiktig når me kjem inn på om det er eit mål for han å jamna ut motsetningane, og korleis han i så fall vil få det til.

-I første omgang vil eg gjera meg kjent på øyane. Det er mange store endringar og omveltningar  i det norske kyrkjelandskapet. At nokre kjenner seg heime i kyrkja og andre på bedehuset bør respekterast, meiner han. Sjølv har han tilknytting til både kyrkje og bedehus.

Vil ikkje gifta likekjønna

På spørsmål om han vil via likekjønna, er han likevel tydeleg på at det ikkje er aktuelt for han. Dette grunngjev han i sitt bibelsyn og måten dei ulike kyrkjesamfunna heilt fram til no nyleg har vore samde om at ekteskapet er ei forpliktande ramme for samlivet mellom ei kvinne og ein mann.

-Eg er nok rimeleg tradisjonell i dei fleste teologiske og etiske spørsmål. Elles tykkjer eg dette er eit spørsmål som får meir plass og fokus enn det burde, seier Aasland Vold.

Spelar og syng

Han og kona har tre barn, Elisabeth, Samuel og Esekiel, og ventar sitt fjerde til våren. I spennet mellom jobb og familieliv blir det difor foreløpig lita tid til hobbyar som dykking, friluftsliv, jakt og hagestell.

I gangen står ein gitar og i stova eit piano, og Aasland Vold avslører ei flott baryton-røyst då Øyposten vil vita meir om hans forhold til song og musikk.

-Kanskje der går både vinter og vår, stemmer han i, verselinja som Ibsen forfatta og Grieg sette tone til.

-Det er ein song med utruleg mykje lengt i seg, seier den nye presten.

-Får me høyra deg bak pianoet eller med gitar i kyrkja?

-Nei, akkompagnementet har me flinke organistar til. Men syngja, det skal eg sjølvsagt, seier Ola Aasland Vold til slutt.