Erling Landa i midten, er leiar i det relativt nystarta grendalaget på Finnøy. Her saman med gode naboar på Nordbø-Landa. Til venstre Oddrun Merete Reilstad Handeland og Ove Handeland. Til høgre Svein Nordbø og Kåre Nordbø (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY:

Då det tidlegare i haust blei kjent at Bremnes hadde planar om å utvida anlegget og flytta fôrflåten, gjekk naboane i haust saman om ei underskriftsliste i håp om å få stoppa den planlagde flyttinga.,

Utviding og flytting av fiskeoppdrettanlegget gjer at det kjem minst 220 meter nærare land, med dei negative følgene det får når det gjeld støy og lys, samt bruken av området til fiske og rekreasjon. I etterkant av underskriftskampanjen blei det sett i gang ein dialog mellom naboane og Bremnes Seashore for å finna ei løysing som begge partar kan leva med.

- Sjølv om me ikkje får det slik me vil, har me likevel god dialog med oppdrettsselskapet. Me opplever at dei tek oss på alvor og lyttar til det me har å sei. I utgangspunktet ville me helst ikkje hatt anlegget, men det nyttar ikkje å grubla over det no. Heilt sidan anlegget blei etablert  i Døvika for fleire år sidan har me etterlyst kommunikasjon om korleis me kan finna gode løysingar som er til minst mogleg sjenanse for naboane, seier dei tre av initiativtakarane Svein Nordbø, Erling Landa og Svein Nordbø.

- Kva er situasjonen no?

- Etter mailutveksling fram og tilbake har Bremnes lagt fram eit nytt alternativ til plassering av nye merdar mot nordaust, i staden for mot sør, og plassering av fôrflåten lenger vekke frå bustadane. Denne løysinga krev dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for seks fortøyingar i aust, då dei kjem litt utanfor akvakulturområdet. Selskapet må difor ta atterhald om at kommunen vil godkjenna ei slik løysing. Dei aller fleste av naboane føretrekk denne løysinga, men for dei to husa som ligg på Hopsneset nærmast anlegget, blir ulempene like store som før. Deira ynskje er at anlegget burde flyttast endå lenger ut ifrå land, fortel trekløveret og held fram: Dei som bur aller nærast anlegget er dei som har vore mest plaga av støy, særleg det siste året då dieselaggregatet for straumproduksjon har blitt køyrt på fullt. No er det komme landstraum som reduserer støynivået betrakteleg. Støy ifrå arbeidsbåtar og fartøy som jamleg kjem til anlegget er framleis plagsam. Den er mest konsentrert rundt fôr-flåten. Dei stadige utvidingane og flyttinga mor sør og sør-vest har blitt ei stor belastning for naboane. Men ved å flytta flåten mot nordaust vil støyen og utsynet bli betre for dei aller fleste naboane.

- Kva med dei få som denne løysinga ikkje blir betre for?

- Det er sjølvsagt svært trist at naboane som ligg nærmast anlegget ikkje opplever å få det betre. Men eg trur likevel denne løysinga som her er føreslått er det beste me kan håpa på, avsluttar initiativtakarane.