Låvesvala melde sin ankomst til Finnøy 1. mai.|Fruktblomstringa er så vidt komen i gang på dei tidlegaste sortane, som på dette blåplommetreet på Sjernarøy.

FINNØY:

Vår og vokster står fullstendig på vent. Dei tidlegaste plommetrea står med bristeferdige knoppar, som så vidt har begynt å åpna seg.  Litt varme ville gjort susen, og kanskje litt nedbør også, for det begynner å bli tørt.,

Fruktblomstringa er så vidt komen i gang på dei tidlegaste sortane, som på dette blåplommetreet på Sjernarøy. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Ein telefon til meterologisk instituitt i Bergen gir likevel lite håp om varme denne veka.

-Det vil halda seg stabilt, kanskje litt varmare onsdag, då det kan bli 10 grader om dagen, opplyser statsmeteorolog Ingrid Halland Soldal til Øyposten.

Men sjølv om temperaturen kryp ei grad eller to oppover, blir sola borte. For det er meldt overskya vêr med enkelte regnbyger og vind frå nord.

Det høyres med andre ord kaldt ut. Men våren er håpets tid, og slik er det med vêret også. Over helga kan det bli meir varme, og måndag er det meldt heilt oppi 15 grader. Viss det slår til, let det seg høyra.