RENNESØY:

Opplysninga blir stadfesta både av viltforvaltninga i Stavanger kommune og frå jakthald på Rennesøy.,

Viltforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune stadfestar at det er eit større innslag enn før av mindre dyr på øya.

-Dettte er ei utvikling me ofte ser. Jegrar er glade i å fella store dyr, det er naturleg. Men det er viktig å ha ein balanse slik at det er nok store produksjonsdyr, både bukkar og hinder, som kan gi fine avkom. Elles blir det for mykje smått, slik me ser tendens til på Rennesøy nå.

-Er det eit alternativ å stansa jakta eit år eller to?

-Nei, det er viktig å halda oppe jakttrykket, men jakta må vera meir målretta mot yngre dyr og kalvar. Dette har me ein god dialog med viltlaget på Rennesøy om, understrekar Ankarstrand.

Leiar i Rennesøy Viltlag, Henning Larsen synes jakt-strategien frå kommunen høyres fornuftig ut.

-Dei minste dyra må ut, seier Larsen.

-Har jegrane på Rennesøy vore for grådige?

-Nei, er trur det er litt tilfeldig at utviklinga er blitt slik, men det er viktig med ei balansert jakt, meiner også han.