Birger Hetland, Kari Nessa Nordtun og Dagny Sunnanå Hausken. Alle blir med på åpninga av Innbyggartorget på Finnøy.

Av Rune Nedrebø,

FINNØY:

Det flotte og fjonge Innbyggartorget blir åpna av leiaren i kommunedelsutvalet, Birger Hetland, med både ordførar Kari Nessa Nordtun og varaordførar Dagny Sunnanå Hausken til stades. Dessutan skal kommunedelsutvalet ha sitt første møte i dei nye lokala denne dagen, og blir dermed også med.,

- Men ikkje minst vil me ønska brukarane av Innbyggartorget, folk flest frå kommunedelen, velkomne til åpninga, seier leiaren av Innbyggartorget, Rita Lindås til Øyposten.

Ordninga med innbyggartorg blei oppretta som ein følge av kommunesamanslåinga, og er ei nysatsing i Stavanger kommune. Det er bare kommunedelane Finnøy og Rennesøy som har innbyggartorg. Innbyggartorget på Rennesøy åpna nyttår i det tidlegare rådhuset, men her er planen å byggja nytt utan at planane om det er landa heilt ennå.

-Me gledar oss til å kunna kunna visa Innbyggartorget på Finnøy fram for publikum, sjølv om det foreløpig bare er ein del av det som blir tatt i bruk, seier Rita Lindås vidare.

Under åpninga blir det sjølvsagt talar og noko å bita i, men av hensyn til smittereglane må folk melda seg på innan søndag. Det skjer på epost og plassen er begrensa, så folk bør vera kjapt ute for å sikra seg ein plass, understrekar Lindås.

Sjølve åpninga skjer tysdag klokka 17.00.

Innbyggartorget held til i første etasje i det tidlegare rådhuset, som er pussa opp frå topp til tå. Her blir det mellom anna møtelokale for kommunedelsutvalet, kafe med Ryfylkekokken bak grytene, møteplass for idemyldring med dataverktøy og kontorpultar og mulighet for å avtala møter på Skype og storskjerm med saksbehandlarar eller politikarar i byen.

-Me håpar dette skal bli ein populær treffstad for finnøyfolk, og at dei vil oppleva terskelen for å få kontakt med kommunen låg, seier Rita Lindås.

Førebels er det bare møtelokalet for kommunedelsutvalet som blir teke i bruk. Resten av Innbyggartorget vil bli åpna for publikum seinare.