Travel pakking av makrell på fiskemottaket på Bru. Kristian Stang til venstre i arbeid saman med Kjellaug Hjelm.|

BRU

: -Foreløpi er det ikkje dei store kvanta, men eg reknar med at makrellen nå er på veg, seier eigaren av fiskemottaket, Tor Bernhard Harestad til Øyposten.,

-Er det snakk om årets makrell eller fisk som har overvintra?

-Eg trur det er årets makrell, for dei får han på garn langs heile jærkysten opp til Kvitøy. Det er også tatt makrell på garn ved Vassøy og utfor Ombo, noko som tyder på at det er makrell som er på veg heim, svarar Harestad, som sjølv tenkjer seg på makrellfiske.

-Men eg vil venta til fisket tar seg noko meir opp, og at det ikkje kolliderer med politiske møter. Men det er lettare å ha med makrellen enn politikarar å gjera, fastslår fiskaren  frå Bru.

-Er makrellen tidlegare i år enn vanleg?

-Neri, det trur eg ikkje. I fjor på denne tida pakka med sju tonn, seier han.

Då Øyposten er i kontakt fredag har dei nettopp avslutta pakkinga av to og eit halvt tonn makrell fiska inne i Erfjord. Kiloprisen til fiskar for denne første makrellen ligg på vel 30 kroner kiloen, og makrellen går stort sett til konsum. I butikk ligg prisen på 70-80 kroner.

Det er likevel blåbær mot kva fiskarar på Sørlandet fekk nyleg. Der blei det gjort ein fangst på 900 kilo som blei betalt med 80 kroner kiloen og som skal vera seld i butikk i Oslo til 200 kroner kiloen.

Ifølge Harestad er årets første makrell framifrå.

-Det er stor og fin fisk, og eg har hatt han til middag. Han smaka fantastisk godt, seier han, men reknar med at det endå vil drøya litt før folk får makrellen på snøre.