-Forstår at folk er urolege for fråflytting

Høyres ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal ferierer så ofte ho kan på Nord-Hidle. Ei øy kor folketalet har minka frå 40 til 14 dei siste åra. -Eg forstår godt at folk her er urolege for fråflytting, seier Knutsen Hegdal.

-Eg skjønar godt at folk er urolege for at øyane skal bli fråflytta, seier Høyres ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal, som nyter tilværet på hytta på Nord-Hidle saman med mannen Torbjørn så ofte ho kan.
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: Familien Knutsen Hegdal vurderte først hytte på Sørlandet, men då det dukka opp ei ledig tomt i hyttefeltet til Rasmus og Oddrun på Nord-Hidle for vel 20 år sidan, blei Sørlandet vraka ganske kjapt.

Hytta ligg flott til, med fri utsikt over fjorden, like til Finnøy, Fogn og Halsnøy.

-Me likar oss kjempegodt her, er både Sissel Knutsen Hegdal og mannen Torbjørn enige om.

Nå håpar dei på ein flott sommar, for heile juli er tenkt på hytta på Nord-Hidle.
Men elles brukar dei hytta både vinter og vår, og har også feira jul med familien her. Båtplassen er i moloen like ved, og viss dei ikkje tek ferje eller hurtigbåt går dei med sin eigen båt frå Lundsvågen på Hundvåg.

-Naturen her er bare fantastisk. Det er ikkje mange stader som kan måla seg med Ryfylke ei fin sommardag, meiner dei.

Det er her dei kan senka skuldrane og roa ned ein hektisk kvardag. Mannen Torbjørn har reist «verda rundt» i olja, mens ho har jobba som advokat i Stavanger.

-Me elskar å gå på tur og oppdaga nye plassar i øyriket her, seier dei begge.

Sissel Knutsen Hegdal innrømmer villig at dette øyparadiset ikkje ville vore like vakkert viss det ikkje budde folk her.

-Dert er ikkje vår forteneste at det ser så fint ut her, det er dei som bur her som fortener all æra for det, seier ho.

-Ingen plass som Ryfylke om sommaren, er Sissel Knutsen Hegdal og Torbjørn Hegdal enige om.

17. mai var ho festtalar under feiringa på Sjernarøy, og der blei ho på ny gjort oppmerksom på øyane si utfordring nummer ein, med eksempel frå Nord-Hidle. Der har folketalet stupt dei seinare åra, frå 40 til 14.

-Eg skjønar godt at folk er urolege for fråflytting, seier Høyres ordførarkandidat.

Ho meiner det er avgjerande å snu denne trenden, og vil gjerne bidra til det med Høyre med makta i kommunen.

-Me må ha gode skular, eit rikt kulturliv og eit variert og oppegåande næringsliv. Eg er optimist på øyane sine vegne, og ser store muligheter for dei. Vår oppgåve blir å tilretteleggja slik at småsamfunna her kan utvikla seg, seier ho, og meiner også det er viktig å lytta til kva folk vil.

-Folk her vil ha Øyfast?

-Ja, eg vil gjerne bidra til å fronta Øyfast. Me kan ikkje bare overlata det prosjektet til fylket, Stavanger må ta eit større eigarskap til det prosjektet.

-Vil det vera fornuftig å til dømes dela prosjektet i to, for å koma i gang?

-Det er viktig å ha realisme når det gjeld Øyfast, og alt på ein gang kan bli vel mykje. Men dette skal nå utgreiast, så får me sjå kva det endar med.

-Det er også dei som meiner Havbruksfondet burde koma øyane til gode?

-Eg trur den beste løysinga er at me har ei samla pott i kommunen, og at me heller hjelper og støtter kvarandre der det trengs, slår Knutsen Hegdal fast.

Denne laurdagen ventar ho og mannen besøk av sønnen og sambuar, som skal hentast på Judaberg.

Slik er det å feriera i eigen kommune, enkelt, greit og idyllisk.

-Det finst ingen plass som er betre en Nord-Hidle akkurat nå, slår Sissel Knutsen Hegdal fast.