Tidlegare i vinter har Statens vegvesen ved fleire høve delt ut gebyr når dei har kontrollert beltebruk i bussar gjennom kontrollstasjonen på Sokn. Ein busspassasjer som blir tatt utan sikkerheitsbelte, har måtta betala 1500 kroner.

Torsdag 2. mai hadde Vegvesenet ein ny beltekontroll, men då var det meste i orden.

«Det ble kontrollert bruk av belte i to busser. Her var det totalt 31 passasjerer og alle passasjeren brukte beltet», skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Elles kontrollerte Vegvesenet tunge køyretøy og såg særleg på reglane for køyre- og kviletid. Her er det som blei avdekka:

  • Sju av tolv førarar hadde manglar ved køyre- og kviletida. Fleire fekk skriftleg åtvaring, medan ein bil fekk 1000 kroner i gebyr til førar og 2000 kroner til føretaket.

  • Ein traktor med tilhengar hadde gods som stakk ut bak på tilhengaren. Dette måtte merkast før traktoren fekk køyra vidare.

  • Eit utanlandsk køyretøy mangla vognkort.

  • Eit køyretøy hadde ikkje sikra lasten godt nok.

  • Eit køyretøy mangla dokumentasjon for å driva transport. Føretaket fekk 6000 kroner i gebyr.

  • Eit køyretøy hadde ikkje betalt avgift for trekking av tilhengar. Skattemyndigheitene er varsla.