Barna Pernille Sevheim Østhus (t.h.), Pernille Grieg Kryvi, Hedda Tobiassen Bergøy bog Ruth Eikeland fylgjer storøygd med på arbeidet til anleggsgartnar Tenho Emil Olsen Ylitalo på leikeplassen til Hagatoppen barnehage. Avdelingsleiar Randi Christophersen gledar seg til at ho snart kan sleppa barna inn på den nye, flotte leikeplassen.|||Små leikehytter med ein søt postkasse og tilhøyrande brygge høyrer med.|Rune Bergsvik (framst) og Tenho Emil Olsen Ylitalo frå Stavanger kommune har arbeidet med den nye leikeplassen. -Det blir veldig bra, meiner dei begge.

FINNØY:

-Det har vore ein kjempekjekk jobb, seier Rune Bergsvik og Tenho Emil Olsen Ylitalo. Dei er begge frå Stavanger kommune, avdeling for idrett og utemiljø, og har jobben med å oppgradera uteområdet til barnehagen.,

Rune Bergsvik (framst) og Tenho Emil Olsen Ylitalo frå Stavanger kommune har arbeidet med den nye leikeplassen. -Det blir veldig bra, meiner dei begge. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Dei to er i innspurten med å gjera ferdig uteområdet til barnehagen. Her skal det bli «øyar» og koselege småhus med «brygger» og passande gjerder rundt. Alt saman inspirert av landskapet i øyane, og planlagt av fagfolk i Stavanger kommune. Kommunen har løyvd 800.000 kroner til arbeidet.

Tre og bærbuskar

Den store flotte sjørøvarskuta til Hagatoppen er sjølvsagt også med. Dessutan skal det plantast tre, bærbuskar og andre vekster, leggjast asfalt der det før var grå grus og fargerike gummimatter under disser og leikeapparat.

-Det skal bli eit meir variert og spennande uteområde enn det som var, seier Bergsvik, som leiar arbeidet.

Små leikehytter med ein søt postkasse og tilhøyrande brygge høyrer med. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Begge kollegaene er svært begeistra for mottakinga dei har fått i øayne.

-Det inspirerer til å gjera ein god jobb. Barna er alle tiders og personalet er hyggelege. På Fogn hadde dei skrive «Velkommen» på tavla og tok mot oss med kake. Me kunne tenkt oss å jobba her alltid, for det er tydleg at innsatsen frå kommunen blir sett pris på, seier dei.

Kan bli gjort meir

Avdelingsleiar Randi Christophersen ved Hagatoppen gledar seg til å ta uteområdet i bruk.

-Dette er noko me treng, og er noko det har vore planar om lenge. Uteområdet vårt var litt grått og trist, og under pandemien måtte me laga avdelingar med store, stygge gjerder, seier ho.

Også dei små gledar seg til at uteområdet blir åpna, og har stått klistra med nasen mot vinduene og kikka på arbeidsfolka som er i sving ute.

-Viss det blir pengar til overs er det også meininga å bruka dei på uteområdet på baksida av barnehagen, så langt pengane rekk, opplyser Randi Christophersen.

Hagatoppen barnehage blei bygd i 2007, og har plass til 48 ungar.