Svineriet er i for dårleg stand til ungdomsklubb
Korkje «Svineriet» eller stabburet på Rygjabø-tomta er eigna lokaler til ungdomsklubb for Finnøy. Derimot er fundamentet til drivhuset interessant som ein mulig grunnmur for eit nybygg til ungdomsklubben.
FINNØY: Mandag var folk frå eigedomsavdelinga og fritidsetaten i Stavanger på befaring på Finnøy for å sjå på mulige lokaler for den nystarta ungdomsklubben på øya.,
¨Både "Svineriet" og stabburet på Rygjabø-tomta blei undersøkt, og konklusjonen er at ingen av desse er eigna til formålet.
-Begge bygningane er for forfalne til at det er verd å bruka pengar på dei. Dessutan er dei ikkje eigna med tanke på krava om universell utforming og brannmsikkerhet, seier bygningsansvarleg i Stavanger kommune, Fazel Rahiem Onsi til Øyposten.
Derimot blei fundsamentet til drivhuset på same tomta vurdert som interessant for eit eventuelt nybygg oppå, som kan bli framtidig lokale for ungdomsklubben. Grunnflata her er på 200 kvadratmeter.
-Me må like vel undersøkja fundamentet til drivhuset nøyare, før me kan slå fast at det kan brukast, legg Fazel Rahiem Onsi til. Han varslar at det vil bli lagt fram ei sak om ei mulig plassering her for kommunen innan sommaren.
Avdelingsleiar i ungdom og fritid i Stavanger kommune. Johne Kristian Sunde, meiner drivhustomta er eit svært interessant alternativ.
-Viss det blir bygd eit nybygg i bindingsverk på murane til drivhuset, kan det bli ei god løysing. Den ligg nær skulen, noko som er eit svært godt utgangspunkt, seier Sunde.
I dag brukar ungdomsklubben Kulturstova på skulen, men i lengda er ikkje det noko god løysing, legg han til. Det betyr nemlig at utstyr må riggast opp og ned kvar gong det er ungdomsklubb der.
-Den beste ungdomsklubben er som barn og unge får eit eigarforhold til. Me må også sjå ungdomsklubben i samanheng med ferietilbudet for barn og unge i Finnøy, som me ynskjer å styrkja gjennom opplegget "Fix ferrige ferie". Eit hus her kan fungera som base for det tilbudet, seier Sunde.
-Er det pengar til dette?
-Det er alltid eit spørsmål, men det er nok ei sak me vil prioritera, seier han.