Jørstadvåg kyrkje.

STAVANGER:

Spørsmålet var oppe til politisk behandling i utvalet for arbeidsliv og lønn i Stavanger denne veka, og resultatet der blei at kommunedirektøren blir bedt om å gå vidare med om kommunen skal overta skjøtselen av granplassane.,

Høyres Nils Petter Flesjå fremma forslag om at saka blir droppa, mellom anna under henvisning til at dagens ordning etter hans meining fungerer godt.- Det fekk han støtte frå Frp og Venstre i. Men Ap, FNB, SV, Rødt og representantane frå dei tilsette i kommunen røysta for å gå vidare med saka, og utgjorde dermed fleirtalet.

Leiaren i utrvalet, Truls Dragset Dydland (Rødt), begrunna fleirtalet sitt standpunkt med at kommunen betalar for noko som strengt tatt ikkje er kommunen si oppgåve, og at det kan vera ryddigare å overføra heile virksomheten til kommunen. Han viste også til at dei tilsette i kommunen var for dette.

Kommunedirektøren skal nå avklare med statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, som har myndighet i saka, om det er mulig at forvaltning, drift og vedlikehald av gravplassane i kommunen kan bli overdratt frå Stavanger kirkelige fellesråd til Stavanger kommune.

Kommunedirektøren skal også ta kontakt med Stavanger kirkelige fellesråd for å utgreia og

sidan leggje til rette for ein virksomhetsoverdragelse av gravplassdriften gjeldande frå neste årsskifte eller frå året etter.

Den endelege avgjera må takast av kommunestyret.