Vurderer å endra støtta til idrettslag

Stavangerr kommune vurderer å endra reglane for tildeling av støtte til idrettslag, slik at det ikkje blir gitt støtte til barn under seks år. Endringane kan slå positivt ut for mindre lag som Finnøy og Mastra idrettslag.

Fotballbanen på Leikvoll på Finnøy.(Foto: Rune Nedrebø)
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER: Saka skal politisk behandlast neste veke, og kommunaldirektøren rår til å venta med ei avgjerd til etter årsmøtet i Idrettsrådet i Stavanger.,

Endringane som blir vurdert er å droppa støtte til barn under seks år, og heller konsentrera innsatsen om større barn og ungdom. Det er to alternativ; enten gi støtte i aldersgruppa 6-19 år, eller til aldersgruppa 6-25 år.

Endringa vil slå negativt ut for dei største klubbane i form av mindre støtte, mens mindre lag som Finnøy Idrettslag og Mastra vil få litt meir pengar.

Idrettsrådet i Stavanger har tidlegare vedteke å utvida støtta frå 19 til 25 år for å fanga opp studentar. Norges Idrettsforbund  gir ikke støtte til aktivitetar til barn under 6 år.

Viss endringane blir gjennomført vil dei slå slik ut for lokale klubbar:

6-19 år

Finnøy idrettslag 3684 kroner

Fogn Idrettslag 100 kroner

Mastra IL   7290 kroner

Mastra hesteportlag 882 kroner

Rennesøy Fotballklubb 3738 kroner

6-25 år

Finnøy Idrettslag 4705 kroner

Fogn Idrettslag 983 kroner

Mastra IL 5782 kroner

Mastra  hesteportlag 1316 kroner

Rennesøy Fotballklubb 2187 kroner

Til samanlikning kan nemnast at Stavanger Svømmeklubb vil mista rundt 100.000 kroner i støtte, alt etter kva løysing som blir valt.

Publisert: