Tenkemåten er ikkje alltid lik blant politikarane i byen som i Finnøy og Rennesøy. Frå kommunestyret i Stavanger.

Den første månaden som fullverdige medborgarar og innbyggjarar i Nye Stavanger for både  rennesøybuen og finnøybuen, er nå unnagjort. Det gir grunnlag for visse refleksjonar, men det gir på ingen måte grunnlag for  å trekkja dei endelege konklusjonar.,

Likevel ser me visse konturar av ein tenkjemåte, og ei politisk tilnærming til lokale problemstillingar og saker som har stått på den politiske dagsorden , som spriker veldig mellom by og land.  Dette har ikkje minst kome til syne i to-tre viktige saker som alt no har vore oppe til 1. gongs behandling blant dei nyvalte politikarane i Stavanger kommune, og som også har vore til høyring og uttale i det første møte i dei to kommunedelutvala i Rennesøy og Finnøy. Der har eit samla tverrpolitisk miljø gått mot sine partikollegaer i dei respektive politiske utvala i Stavanger der sakene har vore behandla.

Dette er saker som også har fått ei administrativ behandling, som etter vårt syn viser mangel på lokal kunnskap og tilnærming til lokalt næringsliv. Særleg i saka om bandtvang for hundar. For der er stor forskjell på å sleppa hunden fri i bypark og i utmark . Ei utmark og kulturlandskap i Rennesøy og Finnøy der både sauer og dyr ferdast i tusental.

Men også i saka om den tidlegare omtala reguleringsplanen for havbruksparken på Talgje, og rekkefølgjekrava der, viser at det er stor skilnad i tenkjemåten mellom by og land på korleis fasade og estetikk skal utformast på næringsbygg i byen og distrikta.

Ein første prøvestein kanskje, som i all klartekst viser at eit samla tverrpolitisk miljø i dei to kommunedelutvala i Rennesøy og Finnøy, har ei heilt anna tilnærming til sakene enn kva partikollegaer som er representert i kommunestyresalen  i Stavanger har. Dette er kraftige signal frå dei som er sett til å representera lokaldemokratiet , og som me også reknar med vil få gjennomslag når sakene kjem til endeleg behandling i kommunestyresalen. Det vil visa om ein i praktisk politikk  verkeleg meiner noko med omgrepet lokaldemokrati i den nye kommunen.

Me har likevel tru på at ting vil gå seg til etter kvart, og me veit også at politikarane frå Finnøy og Rennesøy har ein lang veg å gå i forhold til å tileigna seg kunnskap til den politiske tilnærminga og tenkjemåten i tunge planprosessar om både byutvikling, næringsutvikling, kultur- og idrettspolitikk, skule- og barnehage og ikkje minst  innanfor helse- og sosialpolitikken i storbyen Stavanger.

Då kan det vera godt å leggja til grunn eit «sundt bondevett» som kan gå begge vegar.

Men på eitt område har storkommunen levert, og det er nå det gjeld forhold som vedkjem privatøkonomien til den enkelte Finnøy- og Rennesøybu. For mange er kanskje dette også det viktigaste.

Kommunesamanslåinga har nemleg ført til ein betydeleg reduksjon i barnehagesatsar for enkeltgrupper, eigedomsskatt, vann- og  renovasjonsavgifta. Dette er forhold som også Øyposten tidlegera har vist til, og som vil visa godt igjen i pengepungen hjå storparten av innbyggjarane i dei nye kommunedelane.

Difor vil me oppfordra både politikarar og alle oss andre til å vera audmjuke, og visa at både by og land VERKELEG KAN «gå hand i hand», slik det politiske slagordet var på 1980- og 90 talet. For det er mange som vil fylgja med oss, og nokon ser gjerne også at me ikkje lukkast.

I det perspektivet kviler det difor også eit stort ansvar på våre politikarar i Nye Stavanger.