FINNØY:

Og for ein sesongpremiere det blei denne fine augustkvelden;For då dommaren bles i fløyta og sluttsignalet gjekk, stod det heile 7-1 til heimelaget.Og som om ikkje det var nok, så scora like godt Maria Rørtveit eit ekte hattrick,då ho putta tre bak keeperen til Tjensvoll i løpet av berre 19 minuttar i første omgang.,

I andre omgang var ho «generøs nok»  til også å la bestevenninna i nabolaget på Reilstad,Helene Hebnes, bli notert i målprotokollen .For med sine to scoringar kvar, dokumenterte på ny reilstadbygda at det  gror godt, og at det framleis kjem fram ekstra mange gode fotballspelarar på sørsida av øya.Denne gongen også på jentesiden.Slik det alltid har gjort.Heilt frå Sverre Jan Reilstad si storhetstid på 1960- og 70-talet og storscorar Henning Ruud på slutten av 80- og 90 talet .

-Ja, dette var veldig kjekt, seier ein tilfreds trenar Lars Rørtveit til Øyposten etter kampslutt.Sjølv om dottera Maria scora heile fem mål, vil han særleg framheva samhaldet og den store innsatsviljen som jentene la for dagen.-Me har ei god sentrallinje i laget med keeper Iris Bergeland Hangeland som ein solid sisteskanse , solide stoppar, og stor løpskraft og innsatsvilje på både midtbane og backplass.Så då blir dette bra når jentene i tillegg har det kjekt, poengterer  Rørtveit .Saman med assistenttrenar og lærerkollega,Øyvind Bondevik Haga, har han klart å sette saman eit godt fotballag med spelarar frå både Finnøy og naboøya Fogn.

Finnøy sitt lag:Iris Bergeland Hageland,Sigrid Meling, Julie Østebøvik,Emna Grønås,Kaia Roda, Maren Østebøvik,Nora Sevheim Haga,Sara Jacobsen,Anna Sandanger Iversen,Maria Bøe,Ida Hovda Rørheim,Maria Rørtveit,Helene Hebnes,Henriette Urtegård Austbø