Fognamarsjen er ein godt innarbeid tradisjon.

Fognamarsjen har lange tradisjonar og har vore arrangert kvart år sidan oppstarten i 1988. Løypa er 10 kilometer og går rundt øya.,

Mellom 50 og 60 deltakarar stiller på startstreken kvart einaste år, og det kjem stadig nye til. I fjor var 20 av rundt 60 deltakarar med for fyrste gong.

– Det er veldig bra at me klarer å halda på ein godt etablert tradisjon, det var det som var intensjonen då me starta i si tid. Finare premiar jo fleire gonger ein er med, er gulrota som skal få folk til å gå om igjen og om igjen, seier marsjgeneral Ottar Sandanger.

Veteranane Jakob Bø og Anders Sandanger har gått marsjen kvart einaste år. I fjor fekk dei kvar sin ostehøvel som er den finaste premien det går an å få, enn så lenge. Heidi Bø Sangedal går seg tett innpå Anders og broder Jakob sin rekord, med 30 tilbakelagde marsjar. Det til tross for at ho har budd vekke i 20 år.

Deltakarane fortel til avisa at Ottar har strekt seg langt i forhold til startstidspunktet. Har det ikkje passa å gå til annonsert tid, har deltakarane fått lov å starta tidlegare eller seinare.

- Me vil jo at flest mogleg skal få gå, og då må vera litt fleksible og legga til rette for det, seier Ottar Sandanger.