Henrik Halleland (krf) vil ha Bokn-saka opp i Stortinget.

-Det er heilt klart at det ville vore ein svært utfordrande situasjon for desse to tidlegare kommunane å takla dette berre ved hjelp av eigne kommunale ressursar. Då tenkjer eg særleg på det økonomiske aspektet oppi det heile, understrekar Halleland.,-Eit forhold rundt det heile er det reint menneskelege, og det med å yta noko ekstra i slike tider. Der trur eg så absolutt at begge dei to legekontora på Rennesøy og Finnøy ville takla,og i dag gjer dette minst like godt som andre. Ein annan ting er når denne krisa er over, og blåmandagen kjem for oss alle, kven som då har ei økonomisk ryggrad som er sterk nok til å møta kvardagen for kommunen sine innbyggjarar. Men per i dag, så hadde det i alle fall ikkje vore noko fordel med to kommunar som i utgangspunktet, når dei gjekk inn i storkommunen, hadde ei veldig høg gjeldsgrad.,Men her veit ein jo aldri kva som vil koma til å skje når dette ein gong er over, understrekar Halleland. -Men ein ting er heilt sikkert, og det er at når det gjeld dette med beredskap, så har alltid Stavanger vore svært langt framme på det område.,-

Så den tidlegare ordføraren er glad for at han ikkje styrer arbeidet med eit Finnøy i koronakrise -akkurat i dag?,

-Ja, så absolutt. Og i tillegg ligg eg akkurat i dag med vond rygg heime på sofaen på Søre Vignes. Men i den store samanheng er nok det berre peanuts i dag, seier Henrik.,

Han er likevel forundra over ein ting, og det er at politikarane i byen  enno ikkje har hatt eit større fokus på den enormt viktige rolla som landbruket i Finnøy og Rennesøy representerer i ein slik krisesituasjon som i dag. Men som på fleire andre område, så har dei vel også her ei læringskurve å gå . For landbruket og gartnarnæringa, og havbruksnæringa med, er jo sjølve spiskammeret til heile Stavanger og langt meir til, avsluttar Halleland. Han signaliserer også avslutningsvis at han om kort tid, når den nye kommunen rundar dei første 100 dagane, vil koma med ein oppsummering og eit tilbakeblikk på dei erfaringane som han sjølv har hausta og gjort seg -så langt i den nye storkommunen.

Me skal vera utruleg glad-akkurat i dag

Også tidelegare rådmann i Finnøy, Karin Dokken Austvik, som sjølv bur på Åmøy og tidlegare har arbeidd i Rennesøy kommune, deler Halleland sitt synspunkt på Stavanger.

- Stavanger er landets beste kommune på dette med beredskap, og kommunar frå heile landet kjem for å læra av dei. Så akkurat på det området skal både finnøybuen og rennesøybuen vera utruleg glad for at dei i dag er under Stavanger kommune sine vinger, fastslår Dokken Austvik.,Ho vil likevel ikkje på det nåverande tidspunkt ta stilling til det økonomiske aspektet for kommunane når denne krisa ein gong er over.-Så det får me heller koma tilbake til når dette ein gong er over, legg ho til.

-Men ein ting er i alle høve heilt klart, det vil bli svært tøffe tider for heile kommune- Norge, fastslår tidlegare rådmann Karin Dokken Austvik.