Jon Olav Runestad gir full støtte til Birger Hetland (t.v.) sitt initiativ om å skjerpa Stavanger si støtte til Øyfast.|Jon Olav Runestad gir full støtte til initiativet til Birger Hetland om å skjerpa Stavanger sitt krav til Øyfast-framdrift.

-Eg støttar fullt ut Birger Hetland når han vil jobba for at den nye kommunen skal ta eit sterkare ansvar for Øyfast, seier Runestad til Øyposten.,

Runestad er samd med Hetland i at formuleringa som fleirtalspartia laga om Øyfast er for svak.

-Det må seiast klarare at Stavanger vil jobba for dette, elles risikerer me at prosjektet visnar vekk i fylkeskommunen. Difor bør det seiast noko om at midlar frå Havbruksfondet skal øyremerkast til Øyfast i ein viss periode, foreslår Runestad.

Han registrerer også at nye Sandnes med hjelp av kraftmidlar frå Forsand har sett av midlar til vegen Espedal-Frafjord.  Då må ikkje Stavanger visa manglande interesse for Øyfast, meiner han, og håpar at også grendalaga i Finnøy nå er vakne og kjem på banen.