Ekte festivalstemning i "Myrå"

Artistenane Hanne Vashus lovar alt nå ein ny musikalsk festival i hagen sin på Kyrkjøy neste år. Rundt 200 fekk sløkt festivalhungeren på småbruket hennar «Myrå» fredag, etter halvanna år med korona og kulturtørke.

  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
God festivalstemning under utandørskonserten til Mari Hauge og Hanne Vasshus. Nå blir det ny konsert neste år.|Hjarteleg gjensyn mellom to tidlegare kollegar på barneteateret, Camilla Hansen og Hanne Vasshus. |Dei fleste kom gåande eller syklande til konserten.|Kristian Aske og June Emanuelsen kosar seg på festivalen på medbrakt sitjeunderlag.|Christine Sagen Helgø og Line Noer Borrevik var mellom dei som Hanne Vasshus kunne ynskja velkommen til konserten.|Hanne Vasshus (t.v.) og Mari Hauge baud på eit variert repertoar.|Hanne Vasshus (t.v.) og Mari Hauge baud på eit variert repertoar.

SJERNARØY: Saman med artistkollega Mari Hauge ga Vasshus publikum ei to timars konsertoppleving, med innlagd pause for drøs og beinstrekk i finværet fredag kveld.,

"Myrå" var sjaina opp frå topp til tå, og folk kom stort sett gåande eller syklande til minifestivalen.

Hanne Vasshus (t.v.) og Mari Hauge baud på eit variert repertoar.

Hanne Vasshus, som i 2016 blei kåra til årets stavangerkunstnar, har flytta til Sjernarøy kor ho jobbar som lærar, og tanken om ein konsertkveld i hagen begynte ho å tumla med same året.

Fredag blei ideen sett ut i livet, mellom rødmande ripsbuskar, blømande poteter og glødande geitrams. Folk kom med stolar og tepper og slo seg ned på den nyslåddde plenen. Smittevernet var det tatt hensyn til, og kommune og helsemyndigheter var varsla.

Christian Aske og June Emanuelsen kosar seg på festivalen på medbrakt sitjeunderlag.

-Maken til kulissar kan du knapt få kjøpt for pengar, seier Vasshus til Øyposten, om øyar bada i bakande julisol.

-Ideen har lege og marinert seg ei stund som gode oliven, og då Mari tende på ideen blei det heile mykje enklare å gjennomføra, held Vasshus fram, og slår alt nå fast at det blir festival også neste år, med eit litt atterhald for været.

Christine Sagen Helgø og Line Noer Borrevik var mellom dei som Hanne Vasshus kunne ynskja velkommen til konserten.

Camilla Hansen og Rune Jelsa hadde tatt turen frå hytta på Jelsa for å få med seg konserten.

-Me ville gjerne oppleva dette, etter å ha vore på den flotte konserten med Hanne på Sjernarøy Maritim i fjor sommar, seier Camilla Hansen.

Dei frammøtte fordelte seg god mellom feriefolk og fastbuande, som kosa seg i god festivalstemning ut over kvelden.

Dei fleste kom gåande eller syklande til konserten.

Hanne Vasshus baud både på eigen viser og utdrag frå Prøysen-forestillinga som ho har turnert med. Mari Hauge var eit nyare bekjentskap for mange, og Stavanger-artisten overbeviste med fine viser, nokre av dei med opphav i morfaren Alfred Hauges diktning.

Det heile blei runda av mens månesigden hang i vest på den lyse sommarhimmelen. Om fredagens konsert er opptakten noko meir, er bare å håpa på.

Hjarteleg gjensyn mellom to tidlegare kollegar på barneteateret, Camilla Hansen og Hanne Vasshus.