Landbruk må gå framfor turinteresser

Landbruk må vega tyngre enn interessene til turfolket, meiner alle parti bortsett frå Høyre i kommunedelsutvalet. Også eit enstemmig utvalg for utbygging- og miljø i Stavanger meiner spørsmålet om friluftsområde i Finnøy må utgreiast nærare.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Kart over turområder i Finnøy. Brun farge er naturterreng, gule områder er leke- og rekreasjonsområder, blågrøne områder er strandsone mens grøne områder er jordbrukslandskap. Lilla punkt er tursti/fortøyning, blått er mindre p-plass/brygge mens grøn er større p-plass/brygge.

STAVANGER:

Saka om turområder i Finnøy var oppe til behandling i kommunedelsutvalet tysdag, der fleirtalet gjekk inn for å be om at saka blir utsett og sendt på ei breiare høyring. Då saka var oppe i utvalet for utbygging- og miljø i Stavanger onsdag, blei det fullt gjennomslag for vedtaket i Finnøy.,

De var Krfs Sissel Marie Bjerga som formulerte vedtaket som blei vedteke. Der heiter det mellom anna berørte grunneigarar og bondelag må høyrast.

"Det er ikkje slik at gardbrukarar sender vekk turgåarar – men slike turområde i beite – og landbruksområde må framstillast slik at hensynet til landbruket sine behov går føre. Me tykkjer og at til dømes område som er nytta til storfebeite bør merkast særleg. Områder der det går ammekyr med kalv på beite der det og er tursti, er ein potensiell risiko for turgåarar. Det bør opprettast god merking kring dette – kanskje opprettast ein standard for slik merking", heiter det mellom anna i vedtaket.

Alle kommunar er pålagt å gjennomføra kartlegging av friluftslivsområder innan 2019.

Stavanger kommune vil ferdigstilla si kartlegging for heile kommunen i år. Tidlegare,Stavanger kommune og Rennesøy kommune blei ferdig kartlagt i 2018 og 2019.

Finnøy kommunedel har fått registrert 95 større og mindre arealer som blir brukt til friluftsliv

og 70 innfallsportar. Barn sin mulighet til leik og fri utfoldelse i naturlege omgivelsar har blitt,prioritert i kartlegginga av friluftslivsområda, skriv kommunedirektøren i si saksframstilling.

" «Hundremeterskoger», badebrygger og andre små lekeareal er blitt verdsatt med dette i tankene. I Finnøy kommunedel er mesteparten av arealet brukt til friluftsliv på landbruksareal på privat eiendom. Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder er en ren temakartlegging, og ikke en plan. Det ligger ingen bindinger i temakartet", skriv direktøren mellom anna.