A-laget trenar som normalt på Leikvoll etter lettelsen på koronatiltaka. |Trenarduoen Erik Flesjå Johansen og Sturle Guttormsen diskuterar dagens trening og komande kamp mot Mastra.

Finnøy:

Klokka 20.00 mandag kveld fikk A-laget på Finnøy endeleg ha ei normal treningsøkt igjen, etter ein "laaang" vinterdvale. Tidligare i år har dei hatt nokre få treningar, men da i henhold til dei strenge og lammande koronarestriksjonane.,

-Nå føles det god å koma seg ut på grasmatta og kriga igjen, seier trenarduoen Erik Flesjå Johansen og Sturle Guttormsen.

Dei kan også gladeleg melda at klubben ikkje har mista nokon medlemmer sidan starten på koronapandemien. Tvert i mot, på kveldens oppmøte er det faktisk gamle heltar som har vendt heim til gamle trakter.

Kampen mot Mastra er ein hyppig snakkis på treninga. Både trenarar og spelarar gledar seg til tirsdag kveldens showkamp.

-Formålet med kampen er for å underhalda, laga show rett og slett. Målet er ikkje å vinna, men å ha det kjekt å ta kampen som det den er, ein vennskapskamp. Å vinna hadde jo sjølvsagt våre eit pluss, seier fotballeiar og trenar Erik Flesjå Johansen smilande.

Trenarduoen Erik Flesjå Johansen og Sturle Guttormsen diskuterer dagens trening og vennskapskampen mot Mastra tirsdag kveld, mens treninga er i full gang i bakgrunnen. (Foto: Jone Bergøy Nedrebø)

Høgreving Flavius Mihet og sentral midtbanespelar Jarle Mensink ser også fram til kamp mot Mastra.

-Etter eit år med uforutsigbare og uvanlege treningar er det godt å koma tilbake til normalen. Å kjenne litt på fysisk kontakt etter ein varierande sesong med ofte lage pausar mellom kvar trening er godt, seier Minhet og Mensink til Øyposten.

Den store overgangen frå treningar med fokus på langpassningar til trening med fysisk nærkontakt har våre eit etterlengta steg i rett retning for spelarane og trenarane.

-Det er kjekt å få leka seg på banen igjen og kampen mot Mastra åpnar døra for dei som er svaltne på å scora mål, seier Flavius Minhet med høge forventingar til kampen.