Nye ferjer i Finnøysambandet er forsinka

Det er foreløpig usikkert når dei to nye ferjene kan setjast i trafikk.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Ferja "Hidle" er på veg til Stavanger.

FINNØY:

Ferjene "Hidle" og "Ombo" er fortsatt under ferdiggjering i Tyrkia, opplyser kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen i Norled til Øyposten.,

Planen var at ferjene skulle setjast i trafikk i juni, men den timeplanen ryk.

-Me satsar på at ferjene skal koma i trafikk  i løpet av sommaren, og har god tru på det, seier Gjertsen.

Årsaka til forsinkinga er koronaviruset, som ifølge Gjertsen legg begrensingar på kor mange som kan opphalda seg på verftet.