FINNØY: Ved utgangen av november hadde det nemleg passert vel 437 000 kjøretøy gjennom bommen på Hanasand, medan tilsvarande tal for den same perioden i fjor var på litt over 421 000. Mange, også Statens vegvesen, hadde venta at trafikken ville gå noko ned når også nullutsleppskjøretøya, elbilar, måtte betala halv sats frå 1. august i fjor. Desse prognosane har heller ikkje slått til, og framleis utgjer elbilane i gjennomsnitt ein tredel av passeringane.I månadane september,oktober, november var tal passeringar i gjennomsnitt 1330 ÅDT per døger.,Det er mest tre gonger så mykje som dei 452 ADT-ane (årsdøgntrafikk) som vart lagt til grunn då Finnfast vart opna den 31. oktober 2009.