Jan Erik Søndeland (v) har ivra lenge for å betra situasjonen i for trafikkantane i Rennfast.

Rune Nedrebø,

FINNØY:

Sjølv om kommundelsutvalet i Finnøy ba om at dei to valkrinsane blei oppretthaldne, vedtok valstyret i Stavanger torsdag å leggja ned dei to krinsane.,

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (sp) viste til at Rennesøy har gode erfaringar med å slå saman små vakrinsar, mens Henrik Halleland (krf) hevda at det er så gode muligheter til å avgi stemme at det er «på tide» å sjå på kor mange valkrinsar det skal vera.

Nord-Hidle valkrins har 20 røysteføre mens Halsnøy har 90, noko som gjer dei til dei to minste valkrinsane i Stavanger kommune.  Frode Myrhol (fnb) argumenterte med at det vil vera ein «uforholdsmessig stor kostnad» å oppretthalda Nord-Hidle og Halsnøy som eigne valkrinsar, mens Jan Erik Søndeland meinte det er ei demokratisk utfordring med så små valkrinsar.

-Når det på Nord-Hidle er bare 20 røysteføre, då kan folk nesten vita kva folk har stemt på. Då begynner det neste å bli litt ekkelt, meinte Søndeland.