Hjelmeland-ordførar Bjørn Laugaland (Sp)

HJELMELAND

:  Hjelmeland mista ein tredjedel av Ombo, då Finnøy gjekk saman med Rennesøy og Stavanger i Nye Stavanger. Nå tek gamleordføraren i Finnøy, Kjell Nes til orde for ein ny debatt om den nye storkommunen.,

Han er sterkt misnøgd med Nye Stavanger, som han meiner ikkje bryr seg om utkantane, og tek til orde for nye samtalar mellom Randaberg, Rennesøy og Finnøy om ei "grensejustering" etter valget neste år.

Hjemlelandordførar Bjørn Laugaland seier Hjelmeland vil ynskja Ombo velkommen til Hjelmeland.

-Viss ombobuen kjem på at dei vil søkja om ei grensejustering, er dei velkomne til oss. Når det gjeld Kjell Nes, har eg litt vanskar med å fylgja han. For han har meint litt ulikt opp gjennom åra, seier Laugaland til Øyposten.

-Vil dei ha noko å vinna på koma til Hjelmeland?

-Det vil i alle fall bli større nærhet til dei som styrer. Dessutan trur eg det vil vera ein fordel å høyra til ein kommune som ser på seg sjølv som ein distriktskommune, eg er ikkje sikker på at Stavanger ser det slik. Men det er ikkje lett for distrikta når ramevilkåra stadig blir endra sen tralt. Det ser me når det gjeld hurtigbåtane.

Difor treng me eit politisk skifte etter neste valg viss me ikkje skal få svenske tilstandar i Utkant-Norge.

-Hjelmeland har vel ein del å tena på å få med seg Ombo?

-Det er klart, og me ville sjølvsagt latt Ombo fått sin rettferdige del av dette, slår Bjørn Laugaland fast.