Hjem-jobb-hjem ordninga har forsterka behovet for å ha ei langt meir tilpassa pendlarrute frå Finnøy til Stavanger, meiner Henrik Halleland frå Kr.F.

FINNØY:

- Fylkeskommunen kunne gjort ein langt betre jobb ved forrige anbodsrunde for hurtigbåttilbudet i Ryfylke. Hadde dei tenkt annleis og studert rutestrukturen, ville mykje misnøye vore unngått, og rundt 30 millionar spart. Det er langt på veg det beløpet som fylket har blitt pålagt å spara, fortel Arnstein Bøe i Ruterådet.,

Og det har dei klart med å redusera ifrå dagens seks hurtigbåtar til fire, og i tillegg oppretthaldt eit tilnærma likt rutetilbod. Dei har med dette vist fylkeskommunen at det fullt mogleg å unngå store kutt i hurtigbåtrutene.

- Neste skritt i prosessen er at Kolumbus kvalitetssikrar dette utkastet. Deretter blir det ny runde med perfeksjonering av rutene til beste for dei reisande i god tid før 2023 då hurtigbåtane skal ut på nytt anbod. Her må grendalaga, ruterådet og Kolumbus jobba tett saman.

- Kva kunne vore gjort annleis?

- Me har lenge hevda at fylkeskommunen har inngått altfor rigide anbodskontraktar som ikkje alltid er i tråd med behov og situasjon. Basert på gammal kunnskap har det vore for dårleg utnytting av båt-materiellet. Altfor mange båtar har køyrt tomme ifrå A til B berre for å posisjonera seg, utan å gå innom kaiane som ligg langs ruta. Det er svært dårleg utnytting av kapasiteten. Ein annan ting er fylket bør slutta med å sjå på hurtigbåtruter som rein utgift og heller bruka ordet investering, avsluttar Arnstein Bøe.

Leiar samferdselsutval i Rogaland fylkeskommune Alexander Rügert-Raustein, seier til Øyposten at dei tykkjer innspelet ifrå Ruterådet er svært spennande.

- Ja, det må eg sei. Dette kjem ifrå kompetente folk som har sett seg grundig inn i problematikken. Me vil ta deira konklusjon med oss vidare og utfordra Kolumbus til å organisera båtane på ein annan måte slik at rutene blir betre tilpassa folks behov. Om me landar presis slik som Ruterådet føreslår kan eg ikkje sei, men det er i alle fall eit godt utgangspunkt for den vidare diskusjonen, seier Rügert-Raustein.

Forslaget ifrå Ruterådet er spela inn til fylkeskommunen via Kommundelsutvalet.