Redaktør Per Thime har på kort tid oppnådd suksess med si eiga lokale nettavis "Randaberg 24". Foto: Privat

RANDABERG-FINNØY

: -Ja, målet om å koma opp i eit abonnementstal som gir grunnlag for pressestøtte er nådd med solid margin, bekreftar Thime . Han har over 30 år bak seg i mediebransjen, og har brei og solid erfaring frå ulike medieplattformer.,

Thime har nemleg vore innom både TV Vest,TV 2, NRK og lokalavisene Bygdebladet,Øyposten og nå sist Lyngdals Avis. Og det var nettopp lokalavisa Øyposten AS, med eigar og hovudaksjonær Stephan Dickinson i spissen, som hadde tru på lokalaviskonseptet og bisto med kapital til å starta opp det heile den 1. januar i fjor. Då som eit eige selskap, med til saman to personar tilsette i redaksjonen og på marknad. Men etter eit uvanleg travelt og intenst oppstartingsår, som den einaste i redaksjonen, får nå Thime endeleg tilført ekstra ressursar gjennom ein 40 prosent journaliststilling i tillegg.

-Det var på høg tid, for dette kunne ikkje halda fram lenger, smiler ein letta avismann i det me møter han over ein kopp kaffi på kafè midt i Randaberg sentrum.

-Eg trur nok at eg i gjennomsnitt har hatt opp imot 50-60 timars arbeidsveke i dei 340 dagane eg var på jobb i fjor. Då seier det seg sjølv at eg ikkje kunne halda fram på denne måten og driva rovdrift på meg sjølv. Men heller ikkje på resten av familien, undertrekar Thime og blir litt meir alvorleg i stemma.

-Superlokal

Etter 9 månader som gratisavis, blei nettavisa lukka den 1. oktober i fjor. Dermed måtte dei som ville vera med vidare også abonnera på avisa.

-Då til ein relativt låg abonnementspris ,ettersom annonseinntektene også har vore overraskande gode, seier Thime.-Men mange blei med oss vidare , og me ligg per i dag betydeleg over det som er kravet for å oppnå pressestøtte.

Set dagsorden

-Men kva er suksessoppskrifta? For det manglar vel heller ikkje på lokalaviser og andre konkurrerande andre medieforetak på Nord Jæren i dag?

-Dei andre får svara for seg, men heile konseptet vårt går ut på at me skal dyrka det lokale og nære fullt ut og bokstaveleg tala vera superlokale og til stades i randabergbuen sin kvardag . Men me skal også setja dagsorden i forhold til kva folk er og bør vera oppteken av, slik eg meiner ei lokalavis skal vera. Difor må me vera PÅ heile tida for dei 11500 innbyggjarane i Randaberg som me skal vera eit solid talerøyr for.

Og det er nettopp det å vera PÅ 24/7 som er og har vore ein av suksesskriteriane for den utruleg produktive avismannen som har produsert store og små lokale saker og hendingar for randabergbuen nermast døgnet rundt frå sin kontorbase heime i huset på Grødem det site året.

-Og då har eit stort kontaktnett både på Randaberg og elles vore gode å spela på?

-Ja, så absolutt, bekreftar Thime, som også rosar innbyggjarane for å vera veldig flinke til å tipsa redaksjonen om ulike saker og problemstillingar som dei meiner me bør ta tak i.

-Men ei lokalavis som Ranadaberg 24 som er online heile tida skal også vera med på å setja dagsorden. På kva måte gjer du det?

-Eg har ikkje noko "leiar" slik dei meir tradisjonelle lokalavisene og andre aviser har. Men me meiner noko gjennom "Kommentaren" min når me føler det er viktig. Her har eg i enkelte tilfelle verkleleg sett at me er blitt ein tydeleg stemme i lokalsamfunnet vårt.

,-

Og kva er så vegen vidare for Randaberg 24?

,-Nå har me kome over det første hinderet, ved at me vil kunne motta pressestøtte og såleis har sikra eit langt betre økonomisk fundament å stå på. Så skal eg personleg endeleg få meg ein tilnærma normal kvardag, der eg i det minste kan ta meg fri av og til. Deretter skal me halda fram med å vera den superlokale lokalavisa for alle innbyggjarane i Randaberg kommune, og ikkje minst for det innovative og solide næringslivet me har her ute. For der skjer det veldig mykje for tida, avsluttar den kjente lokale medie- og avismannen som bokstaveleg tala

alltid

er PÅ i jakta på nyheiter frå sitt kjære lokalsamfunn.,