Rennesøy musikkorps ved eit tidlegare høve, klar til å delta på Oktoberfest på Finnøy og Sørbø. (Foto: Privat)

RENNESØY:

-Oj, det var flott, seier kasserar Sigrid Raugstad, då Øyposten kan fortelja henne nyheten om at kommunedelsutvalet i Rennesøy på siste møte løyvde 20.000 kroner til korpset, etter søknad.,

Pengane skal gå til Oslo-reis til våren, i samband med Oslo Military Tatoo.

-Me skal ikkje spela, det blir ein eksursjon. Me har nemleg produsert eit medlem av Hans Majestet Kongens Gardes Musikkorps, Even Pettersen frå Rennesøy. Og han skal me høyra på, opplyser Sigrid Raugstad, som kryssar fingrane for at arrangementet ikkje går i vasken på grunn av korona'en.

-Men i såfall får me setja pengane inn på konto og bruka dei på noko anna seinare, seier ho.

Even Petersen er frå Rennesøy, og splete kornett i korpset på heimstaden. Rennesøy Musikkorps har også tidlegare produsert medlemmer av Gardemusikken.

-Eg trur me har hatt fire før som har spelt der,  seier Raugstad stolt.

I tillegg til "Gamlakorpset", fekk desse pengar på same møtet i kommundelsutvalet:

1.Forteljar Marianne Stenerud med 4 førestillingar i barnehagar heile kommunedelen:kr.10 000

-

,

2. Skromlejulet Figurteater to førestillingar i barnehage og skule : kr.6000,-,3. Rennesøy Skulekorps: kr.8000,-,4. Pensjonistkoret Sangbrødrene: kr.1000,-,5. Mastar IL. Sosiale samnkomster for barn og ungdom på Rennesøy og Mosterøy: kr.58 200,-,6. Mosterøy Sanitetsforening: Førstehjelpskurs 7. klasse for Mosterøy og Rennesøy: kr.22 000,-,7. Rennesøy KRUK-KFUM speidarar: kr.16 400,-,8. Huskyrkja i Rennesøy: kr.1000,-,