Reilstad-dagar med prisar frå 60-talet
Olav Reilstad håpar på «stinn brakke» under Reilstad-dagane i dag og i morgon. Laurdag vil det mellom anna bli selt is, brus og smågodt til «historiske prisar».
FINNØY: -Me håpar mange vil ta turen til Reilstad i dag og i morgon, og Vippsa rikeleg til innsamlings-aksjonane våre, seier primus motor for Reilstad-dagane, Olav Reilstd til Øyposten.
Ifølge Reilstad er Reilstad-dagane det einaste fullt ut ikkje-kommersielle kulkturarrangementet i Stavanger kommune. I kveld blir det lokale artistar som skal opptre, før den svenske gospelstjerna Roland Utbult entrar scena. Den kristne songaren, forfattaren og riksdagsmannen har mellom anna samarbeidd med Oslo Gospel Choir og Janne Schaffer.
Laurdag blir det åpen dag i dei tidlegare butikklokale på Reilstad, kor familein har samla og utstilt mange gjenstandar og bilete frå då Reilstad var eit sentrum for handel, liv og røre på Finnøy.
Mellom anna er kompasshuset til rutebåten «Finnøy», som i mange år gjekk i rute frå Finnøy til byen utstilt, pluss mykje anna.
Her vil det også bli salg av is, brus og smågodt til historiske prisar. Ein kroneis skal for eksempel kosta akkurat det, ein krone. Einar og Olav Reilstad vil ta publikum med på ei historisk vandring. I tillegg blir det hoppeslott, salg av grillmat og paddle board.
-Me eg håpar folk Vippsar rikeleg til innsamlinga vår, understrekar Olav Reilstad.
Inntektene frå Reilstad-dagane går uavkorta til «Med hjerte for India», som jobbar for fattige barn i India, og til organisasjonen «Oper heart» sitt hjelpearbeid i Ukraina.