Snart er skateanlegget på Judaberg på plass

Byggestart er like rundt hjørnet.

Om kort tid blir det skatepark på denne betongsikkelen.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

FINNØY: Lang saksbehandlingstid i kommunen har gjort at oppstarten av skateanlegget på Judaberg har blitt forsinka.

– Me no er ting på stell, og me skal vera i gang innan nokre få veker, lovar Eirik Linndal ved Hauske Tre.

– Mange lurte nok på om prosjektet var lagt på is, sidan det har gått så lang tid utan at noko har skjedd. Tvert imot, me har pengar og materiale på plass, og ventar no berre på oppstart, fortel Sjur Magne Nordbø som er primus motor for skateanlegget som skal etablerast ovanfor ferjekaia.

Planen var at Hauskje Tre skulle bygga banen på dugnad i vinter, men kom altså ikkje i gang på grunn av manglande klarsignal frå kommunen.

– Kor lang tid tek det å få den ferdig?

– Ikkje lenge. Viss me blir nokre som går saman, er mykje gjort på eit par dagar, seier Linndal.