Vil ikkje lova at også barn på øyane kan bli bussa gratis

Rune Askeland (mdg) held det ikkje for umulig at også barn på øyane kan få del i ordninga med bussing til fritidsaktivitetar, men vil ikkje lova noko.

Mdgs Rune Askeland på fotballbanen på Leikvoll. Han vil ikkje lova, men heller ikkje utelukka at øyane kan bli med i ordninga med gratis bussing til fritidsaktivitetar.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Askeland har på vegne av det politiske fleirtalet i byen lansert ei ordning med bussing av barn til fritidsaktivitetar, i staden for at foreldra køyrer borna. Forslaget er meint som eit miljøtiltak, med innkjøp av elektriske bussar som også kan brukast til å frakta eldre når dei er ledige.,

Ordninga er tenkt for ungdom under 13 år.

På møtet om trafikksikkerhet på Innbyggartorget torsdag, blei Askeland utfordra av Henrik Halleland (krf) om forslaget. Halleland lurte på om Askeland såg heilheten i kommunen, og om forslaget til dømes ville gjelda for barn frå Helgøy i Sjernarøyane, noko han tvila på var realistisk.

-Du antek heile tida, klart eg har heilheten i kommunen for auga, buldra Askeland tilbake, og la til at det godt kan henda at tilbudet også vil gjelda for Sjernarøyane.

Øyposten tok Askeland med opp til fotballbanen på Leikvoll, og utfordra han på det same.

Askeland er nøye med å understreka at han ikkje vil lova noko, men vil heller ikkje utelukka at Finnøy og Rennesøy kan få del i opplegget.

-Me må sørga for eit opplegg som fyller opp bussane, seier Askeland til Øyposten.

Han opplyser at det nå vil bli bestillt ei sak frå kommunedirektøren om kostnadane med prosjektet, korleis det kan leggjast opp og kva aktivitetar det skal gjelda.

-Så får me ta det derifrå, seier Askeland.

Også Venstres Mette Vabø har innvendingar mot forslaget.

-Venstre meiner det ved første augekast er eit godt forslag som kan bidra til kutt i utslepp, men det er like vel ein del som talar mot forslaget. Vil til dømes barn og unge i  Finnøy og Rennesøy få ta del i dette, og kor mykje vil det då kosta. Det er også ei utfordring å finna ut kva fritidsaktivitetar som skal omfattast av eit slikt tilbud, meiner Mette Vabø.

Publisert: