Rekordmange vil til Strand vgs på naturbruk

Fristen for å søka vidaregåande skule gjekk ut 1.mars. No er tala klare og viser at 58 elevar har søkt Naturbruk VG1 skuleåret 2022/23.

Mange vil jobba med akvakultur. Biletet er frå oppdrettsanlegget ved Norheimsøyane i Sjernarøy.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

STRAND: Det er det høgste talet sidan Rygjabø flytta til Strand vgs i 2017, 10 fleire enn i fjor.  Trenden er lik over heile landet.

-Det er sjølvsagt kjekt å oppleva at så mange søker seg til Naturbruk. Næringa er i stadig utvikling og samfunnet treng unge med kompetanse innan teknologi og berekraft for å løyse utfordringane... Spesielt med tanke på behovet for auka sjølvforsyning, eit meir klimatilpassa havbruk, og at sektoren er viktig for det grøne skiftet. No tenker eg det vil bli endå meir populært med naturbruk ettersom elevane får delar av opplæringa på den nye undervisningsflåten til Grieg Seafood, seier Camilla S. Vidnes, avdelingsleiar naturbruk.

Fyrste året går alle elevane saman på naturbruk. Andre året, VG2, kan dei velja anten akvakultur eller fiske og fangst. Også desse to retningane har fleire søkarar enn tidlegare. 37 søkte akvakultur i år, fem frå Finnøy, ingen frå Rennesøy. Talet i fjor var 36. På fiske og fangst har totalt 24 elevar søkt, 1 frå Rennesøy, ingen frå Finnøy. I fjor var det totalt 12 søkarar til denne linja.  

Frå hausten tilbyr skulen VG3 naturforvaltning for dei som ønskjer generell studiekompetanse.

Kva skuldast den aukande populariteten for naturbruk?

Verdas befolkning aukar raskt og difor må me no bruka havet til å produsera mat. Olja tek slutt ein gong, me må finna nye måtar å produsera energi på og det er «in» å tenka grønt og miljøvenleg i alle ledd.  Elevane som søker seg til naturbruk liker å vera ute i naturen, dei er glade i naturen og dei ønskjer å vera med på den grøne utviklinga.  Næringa har ein del utfordringar knyta til lus og dødelegheit, men berre på dei 10 siste åra har denne utviklinga gått enormt lang framover. Elevane får innblikk utfordringane som må løysast. Dei er ivrige etter å finna gode, langsiktige teknologiske løysningar for å betre fiskehelsa og samtidig auka produksjonen. Ved å flytta stadig meir av produksjonen på land, vil ein kunne auka produksjonen totalt sett, seier Camilla S. Vidnes.