Skule og barnehage på tapetet i Innbyggartorget
Det blir barn og unge, skule og barnehage som står på dagsorden, når Innbyggartorget inviterer til å «dela eit måltid med ein folkevald». Arrangementa har vist seg å bli fullklaff for den kommunale møteplassen.
FINNØY:
Tidlegare møter med mellom anna Ole Ueland frå fylket og Bjarne Kvadsheim, folkevald i Stavanger, har vore godt besøkt.,
I morgon, torsdag kjem Eirik Faret Sakariaasen (SV) på besøk. Han er leiar for utvalet for oppvekst og utdanning i Stavanger. Også leiaren i kommunedelsutvalet kjem.
-Kom med dine tankar om barn og unge, barnehage, skule og anna som er viktig for at Stavanger skal bli Norges beste barneby, heiter det i invitasjonen, kor Bygdakokken byr på clubsandwich.