Rasmus Vignes gir seg etter 50 år som sjåfør. -Ein kjekk jobb, seir han.|Helsing frå sjåførkollegar.|Klar melding på lystavla framme på bussen.,|-Han har vore ein framifrå mann å ha i jobb, meiner Svein Rørheim (t.v.) og Kjetil Dalaker i Rørheims bilruter.|Klar melding på lystavelene framme på bussane.

FINNØY:

Måndag runda den lune finnøybuen 75 år, og då var det ingen veg utanom. Han må overlata sjåførstolen og bussrattet til nye krefter. Det står i lova.,

-Nå blir det vel til å tvinna tommeltottar, smiler Vignes, då Øyposten spør han om kva han skal finna på når han blir pensjonist for alvor. Men han legg kjapt til at han har vore forberedt på at denne dagen skulle koma.

Klar melding på lystavelene framme på bussane. Foto: FOTO: Privat

Uansett er det langt mellom dei som kan sjå tilbake på ein så lang sjåførkarriere.

Den siste dagen laina busskollegar opp nedanfor sentralskulen med helsingar på lystavlene framme på bussen: "Takk for innsatsen, Rasmus!" "Gratulerer med dagen og pensjonisttilværelsen" og "Rasmus, simply the best". Akkurat den bussen kjørte han forresten sjølv, med sjefane i Rørheims bilruter, Svein Rørheim og Kjetil Dalaker som passasjerar.

Skuleborna takka han med "high five", mens det var varm klem frå lærarhald. Før det blei det varta opp med middag på Innbyggartorget.

Rasmus Vignes har kjørt både godsrute, kraftfôrbilar, taxi, turbussar og skulebussar i løpet av dei 50 åra han har jobba som sjåfør. Dei siste 22 år har han "bare" kjørt skulebussen.

-Det har vore ein kjekk jobb, og aller best har eg lika å variera mellom ulike sjåføroppdrag, seier Vignes.

-Han har vore ein framifrå mann å ha i jobb, meiner Svein Rørheim (t.v.) og Kjetil Dalaker i Rørheims bilruter. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Er det stor skilnad på skulebarna før og nå?

- Eg har bare vore nødt til å setja av to elevar så lenge eg har kjørt. Den eine var Arne Nordbø, flirer han.

Kven den andre var, vil han ikkje opplysa om. Men begge sprang grassat heimover for å sleppa å forklara seg om kvifor dei ikkje var med i bussen heilt fram.

-Kvifor eg sette dei to av, hugsar eg ikkje lenger, humrar Rasmus Vignes.

Helsing frå sjåførkollegar. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Rasmus Vignes har kjørt turbussar i både inn- og utland, i tillegg til å vera bonde på Vignes. Dei lengste turane gjekk heilt ned til Svartehavet. Men han har også hatt mange kjekke turar her til lands, mellom anna på Haugalandet.

Utanlands var Polen blant favorittlanda hans. Dit kjørte han med skuleklassar gjennom vakkert landskap, sjølv om reisemålet for turen, Auschwitz, hadde eit mørkare bakteppe.

-Det var alle tiders ungdommar å ha som passasjerar, skryter Vignes.

Han tok lappen for klasse 2 tilbake på førsten av 70-talet. Den gong ein kjøretime kosta 23 kroner og 50 øre, og oppkjøringa var med den gamle "minkbilen" på garden.

Når han nå gir seg som sjåfør, får han  dei aller beste skussmål av eigarane av busselskapet.

-Det er ein mann me alltid kunne lita på, slår Svein Rørheim fast, mens Rasmus Vignes beskjedent ber om at me ikkje må laga for mykje oppstuss i avisa om dette.

For aller helst ville han at det heile skulle bli forbigått i stillhet. Det er Rasmus Vignes i eit nøtteskal.