Av Hjørdis Halleland Mikalsen FINNØY: -Eg blir ikkje rik på pengar, men eg blir søkkrik på opplevingar og spannande menneskemøte, seier Stine Nærland.

Det er ein grøn, men grå julidag på Nærland. Stine har tatt ei pause i sitt omstreifande liv for å besøke mor og far på Finnøy. Men snart skal ho av garde igjen. Å vere i ro på same plass i lengre tid ligg ikkje for Stine.

-Dette er det gode liv for meg, akkurat no kunne eg ikkje tenkje meg eit anna tilvære, seier den blide 26-åringen.

Stine elskar jobben sin. Her frå utsal utanfor Trevarefabrikken i Henningsvær. Foto: Privat

Elskar den enkle livsstilen

Utferdstronga har alltid vore sterk. Etter vidaregåande på Lundeneset reiste Stine to år som backpacker, eller ryggsekkturist om du vil, saman med vener. Ho har vore i alle verdas kontinent.

-Eg elskar den enkle og primitive livsstilen. Eg vil mykje heller gå på do i eit hol i bakken eller ete saman med dei innfødde på eit jordgolv, enn å reisa på all inclusive og bu på fine hotell.

Men livets skule er ikkje alltid nok. Stine byrja på sjukepleiarstudiet i Oslo. Det er dyrt å bu i hovudstaden, og Stine lurte på om ho skulle investere i eigen bustad.

-Eg tok vaktar på Faatunet i studietida. Ei nattevakt for tre år sidan blei eg sitjande å snakke med ein kollega om dette med å kjøpe leilegheit i Oslo. Ho meinte fast bustad ikkje var noko for meg, og at eg heller burde kjøpe meg ein bubil. Saman gjekk med inn på Finn.no, og der dukka det opp ein Hobby Fiat 600 1986-modell. Kollegaen min hadde god greie på bilar og meinte det var eit godt kjøp. Dermed slo eg til.

Ga meirsmak

Loppisvan på Youngstorget i Oslo. Foto: Privat

Då Stine skulle flytte frå leilegheita ho leigde og inn i en liten bubil, innsåg ho at ho måtte kvitta seg med mykje «jordleg gods». Ho fann ut at det var ein god idé å selje noko av det ho ikkje hadde bruk for.

Dermed gjekk ho til innkjøp av eit par klesstativ og eit campingbord, parkerte bilen på Youngstorget i Oslo.

-Eg hadde vel aldri trudd at det skulle bli så stor interesse for tinga mine. Men det gjekk unna, og det ga meirsmak, seier Stine og fortel at ho elskar vintage og retro, både når det kjem til klede og interiør.

-Noko av det kjekkaste eg gjer er å gå i bruktbutikkar og på loppemarknader, seier Stine.

No gjer ho det på fulltid. Retroskattane ho fin sel ho vidare frå bubilen sin, eller Loppisvan, som er namnet på bilen hennar.

For tre år sidan kjøpte Stine den 36 år gamle bubilen for 27.000 kroner. No er den både heim og levebrød for 26-åringen frå Finnøy. Foto: Hjørdis Halleland Mikalsen

Passar meg perfekt

Etter at Stine fullførte sjukepleiarutdanninga sin har Loppisvan vore levebrødet hennar. Ho har også eiga nettside. Dette er fjerde sommaren på rad ho reiser Norge rundt med bubilen.

Når Øyposten kjem på besøk er ho i full sving med å planlegge Loppisvan-turnè 2022.

-Eg startar i slutten av juni på Spiselig byfest i Stavanger. Deretter sett eg kursen nordover, eg reknar med å ta eit stopp i Trondheim før eg dreg vidare til Trænafestivalen. Derifrå skal eg på ein liten festival i Bodø som heiter «Kaia til han Kai» før eg dreg til eit av mine favorittstader; Trevarefabrikken på Henningsvær, fortel Stine entusiastisk.

Ferda går deretter vidare til Oslo og Austlandet før ho endar opp i Stavanger igjen for å bli med på byfestivalen Utopia i Stavanger.

-Dette er ein livsstil som passar meg perfekt. Eg gjer som eg vil. Om eg skulle treffe på nokre kule folk langs vegen, så kan planane fort endra seg. Eg har ingenting som bind meg, seier ho.

Stine reiser sjeldan aleine . Det er som regel ein ven eller to med. Bubilen er ikkje stor, men der det er hjarterom er det husrom.

-Ein gong var med åtte personar som overnatta der. Det var ikkje ideelt, ler Stine.

Jakta på kjærleiken

Men Loppisvan er ikkje det einaste eventyret Stine har vore med på. Nyleg var ho med som deltakar i «Jakten på kjærligheten».

-Ja, det var ei interessant oppleving, ler Stine og fortel at det var ei venninne som melde henne på.

Til å byrje med var ho skeptisk. Men så tenkte ho: Kvifor ikkje? Utfordringar har alltid vore noko som har trigga Stine. Dermed blei ho ei av friarane til nordlendingen Sebastian.

-Men det blei ikkje du som fann kjærleiken denne gongen?

-Nei, heldigvis. Sebastian var ein hyggeleg mann, men eg trur ikkje det er måten å gjere det på. Det var lærerikt og morosamt. Men eg veit ikkje om eg hadde gjort det igjen. Reality-TV er ikkje mi greie. Då er Loppisvan mykje betre, smiler ho.

Følg gjerne Stine og hennar Loppisvan-eventyr på Instagram: @loppisvan