Me på desse kantar er ikkje vane med så mykje snø som me har hatt dei siste dagane. Difor er det lett å gløyma at snømåkinga ikkje er unnagjort sjølv om tunet er rydda. Alle har ansvar for å sikra vegen fram til postkassa for å unngå skader og for å få posten trygt fram i rett tid.

Dersom du må vassa til postkassen din, så må postbodet og gjera det.

– Det er så irriterande å bli blaut på føtene, smiler Nåden.