– Me har så pass mykje av programmet på plass, så eg trur Tomatfestivalen 2024 skal gå nokså nøyaktig som planlagt, seier Styreleiar Arne Bergøy i Tomatfestivalen SA.

– Me i styret til festivalen er rolege, legg han til.

Fredag gjekk eventbyrået Mango AS konkurs etter at selskapet sjølv melde oppbod.

Selskapet skulle hatt ei viktig rolle i å arrangera Tomatfestivalen på Finnøy helga frå torsdag 15. til søndag 18. august. Rolla var likevel litt nedskalert frå Tomatfestivalen 2023, kom det fram under eit sponsortreff i november i fjor.

Mango kom inn som arrangør av Tomatfestivalen første gong i 2023.

– Me har dialog i ulike retningar og har ein plan for korleis me skal få dette til. Me skal bruke den neste veka til å få på plass detaljar, seier Bergøy.