Føreslo at Green Mountain sponsar jordkabel
Ein tilhøyrar lurte på om ikkje verksemder som brukar mykje straum kan bidra for å hindre monstermaster.
Ei av dei store sakene i neste kommunevalperiode blir spørsmålet om luftspenn kontra jordkabel for å styrke straumnettet i øyane. Her kan kommunen bli beden om å betale mellomlegget viss den krev noko anna enn det billegaste, det vil sei noko anna enn luftspenn.
– Kan ikkje Green Mountain vere med å betale for jordkabel? spurde Sølvi Ona Gjul frå salen under den store valdebatten i Meieriet i Vikevåg onsdag.
Viss søknad
Green Mountain AS går med solid overskot, og datasenteret inne i fjellet under Rednesøyhodnet brukar meir straum enn alle husstandar i Rennesøy kommunedel til saman. Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp) meinte innspelet var godt.
– Viss Green Mountain søkjer om å oppgradere straumnettet, kan me stille rekkefølgjekrav, seier Sunnanå Hausken.
– Dei ga i si tid seks millionar kroner for at kommunen oppgraderte vegen inn til anlegget. Det rakk ikkje så langt den gongen, legg ho til.
At Green Mountain skal betale for jordkabel andre stader enn inn til sitt eige anlegg, meiner ho at ikkje er særleg aktuelt.
Spørsmål om pris
Dei to fremste øypolitikarane under debatten i Vikevåg var Dagny Sunnanå Hausken og Henrik Halleland, som til kommunevalet i Stavanger er toppkandidatar for høvesvis Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Båe har tidlegare meldt seg inhabile i spørsmålet om jordkabel, sidan dei er grunneigarar rett ved der lina er planlagt på høvesvis Mosterøy og Finnøy.
Dei kan likevel uttale seg i ein politisk debatt.
– Dette er ikkje ei enkel sak, sa Henrik Halleland.
– At næringslivet skal ta rekninga for jordkabel, meiner eg at ikkje er vegen å gå, la han til.
Alle partia som sat i panelet er imot monstermaster, men under debatten kom det fram at ikkje alle er imot til ein kvar pris som helst.
– Eg avviser ikkje kommunalt bidrag, men me må vite kostnadene først, sa Dag Mossige (Ap).
Han steppa inn då ordførar Kari Nessa Nordtun melde forfall.
Mellom to stolar
Rennesøy har mykje felles med Finnøy når det gjeld brennbare saker. Luftspenn kontra jordkabel er nemnd. Ei anna sak er det store nettverket av fylkesvegar på øyane og at fylket ser ut til å prioritere ned eigne vegar i Stavanger kommune.
– Fylket skal ikkje bruke pengar der det er mulig med bompengefinansiering, og dei viser til bymiljøpakka i Stavanger, sa Frode Myrhol i Folkets Parti:
– Men Rennesøy og Finnøy er ikkje med i bymiljøpakka. For å få pengar til vegane her ute må me reise oss mot fylkeskommunen.
Utgangspunktet for vegdebatten var spørsmål frå ordstyrar Harald Birkevold om kvifor det har tatt så lang tid å få sykkelveg frå Østhusvik til Vikevåg.
Skule og helsehus
Ei anna sak som er felles for øyane er spørsmålet om finansiering av skulane. Stavanger ønskjer å gje tilskot per elev, som slår negativt ut for mindre skular med mindre klasser, det vil seie for skular i øyane.
– I denne fireårsperioden har me hatt ei overgangsordning. Eg er uroleg for kva som vil skje når denne overgangsordninga skal fasast ut, sa Dagny Sunnanå Hausken.
Skulepolitikken er elles noko som klart skiljer partiblokkene. Alle parti priorieterer skule, seier dei, men raudgrøn side ønskjer i større grad universelle ordningar og koordinerte opplegg, som gratis SFO til alle og gratis skulemat til alle. Høgre-sida ønskjer at kvar skule skal kunne gjere meir som dei sjølve vil.
– Me vil at skulane skal vere i stand til å gjere eigne prioriteringar, sa Høgres ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal.
Spesifikt Rennesøy
Ei sak som er spesifikk for Rennesøy er utviklinga i Vikevåg sentrum. Kostnaden med å bygge om Meieriet til eit meir moderne kulturhus skal sannsynlegvis kommunestyret vedta før jul. Det neste som står for tur er eit heilt nytt helsehus med legekontor, tannklinikk og helsetenester. Her er det venta at kommunen skal gjere eit såkalla konseptval til sommaren neste år. Tomta som er peika ut er der Gjenbruken ligg i dag.
Det gamle kommunehuset, der det i dag er innbyggartorg og eit gründerkollektiv, skal gjerast om til bustadformål.
– Korleis vil kommunen hjelpe til med å skaffe lokalitetar for gründerar på Rennesøy? spurde Tom Egill Tobiassen frå salen.
Frå panelet kom det ti svar, der nokre var positive, og der faktisk alle var positive viss tausheit er gull.