FINNØY: Anna Aasland Gard frå Talgje er innom Coop’en på Judaberg tysdag, dagen før prisane skal opp.

Men hamstra varer fordi om prisane skal opp, gjer ho ikkje.

-Eg handlar ein gong i veka, og har ikkje tenkt så mykje på at prisane skal opp. Men det passa sjølvsagt godt at eg tok handleturen i dag, seier ho til Øyposten.

Med fire ungar merkar ho at matbudsjettet har auka, men hamstring? Nei, det det har ho ikkje tenkt på.

Karianne Sunde og Ove Kaspian frå Finnøy med vekas handlekorg. Foto: Rune Nedrebø

Det har heller ikkje Karianne Sunde, som bur på Finnøy.

Også ho har ei velfylt handlekorg då ho kjem ut frå Coop’en.

-Det er handlekorga for denne veka, seier ho.

-Du har fått med deg at prisane skal opp onsdag?

-Nei, det har eg ikkje, svarar Karianne Sunde.

-Kanskje eg kjøper inn litt ekstra, seier Ingfrid Roda. Foto: Rune Nedrebø

Ingfrid Roda frå Finnøy har registrert at butikkane skal setja opp prisane onsdag, og vurderer å handla inn litt ekstra.

-Litt mjøl og sukker kanskje, og gulrot og salat. Men elles går det ikkje så mykje matvarer hos meg sidan eg er åleine, seier ho.