Finnøy-politikarar: Avviser luftspenn som ei «framtidsretta løysing»
Eit samrøystes kommunedelsutval i Finnøy avviser luftspenn som ei aktuell løysing, og uttalar seg bare om jord- og sjøkabel.
FINNØY: Eit samrøystes kommunedelsutval slår fast at det vil vera vera «særdeles uklokt og lite framtidsretta» om alternativet skal blir høge master med luftspenn med høgspenning.
«Vi registrerer at det legges sjøkabel langt ut i Nordsjøen for elektrifisering av plattformer, og i tillegg har vi fått North Sea Link som er ein 720 km lang kommersiell HVDC kabel med spenning på 525kV, som krysser heile Nordsjøen, fra Ryfylke til Storbritannia.
Våre avstandar blir for ingenting å rekna i denne samanheng.
Konklusjonen av vårt høyringsinnspel er at vi meiner at eit eventuelt val av luftspenn for 132kV vil føre til store tidsmessige uopprettelige negative konsekvensar for kommunedelen.
Det vil sjå rart og småleg ut om ein bransje som i tillegg går svært godt økonomisk, ikkje kan ta dei samfunnmessige beste valga. Vi forventar at NVE og Lnett lyttar til folket i Finnøy, og ikkje bygger ut 132 kV i luftspenn, sidan det fins betre alternativer.
Luftspenn i vår flora og fauna vil vera eit tiltak som framtidige generasjoner vil vurdere som eit kraftig mistak. Videre ber Finnøy kommunedelsutvalg om at NVE lagar ei teknisk og økonomisk utgreiing for jordkabel og luftspenn», heiter det mellom anna i vedtaket frå Finnøy kommunedelsutval.
Lokalpolitikarane i Finnøy meiner også at det er lagt fram ei god løysing for Fogn.
«For øya Fogn har me landa på ein god løysing der sjøkabel frå Strand kan bli ført inn i Hålevågen, og jordkabel over eidet ned til Eidsvåg, og deretter sjøkabel over til Finnøy.
Den aktuelle traseen består stort sett av graving i jord utan fjell , og kan i første etappe følgje dagens trase for kommunalt vatn, deretter følgje trase for nedgravd 11kV jordkabel til Eidsvågen. Med dette alternativet blir lengda på sjøkabel noko meir, men gevinsten blir alle dei fordelene som øya får med å unngå nye luftspenn», heiter det mellom anna i vedtaket.