Trafikkontroll på Finnøy er ikkje kvardagskost, men fredag ettermiddag den 26. januar var det ein. Kontrollen vara i kring 35 minuttar.

– Ein fekk gebyr på 1500 kroner for å ha køyrt utan setebelte, fortel politikontakt Svend Erik Ellingsen:

– Ein annan fekk pålegg om å fikse førarkortet som var knekt.

Fleire reaksjonar var det ikkje.

Elles frå Finnøy og Rennesøy dei siste dagane har politiet bare tre situasjonar frå Byfjordtunnelen å melda om:

  • Onsdag 24. januar: Kranbil fekk motorhavari.

  • Laurdag 27. januar: Bil fekk motorstans.

  • Søndag 28. januar: Buss fekk problem med kjølevæska.