FINNØY: -Det var ikkje vanskeleg i det heile, slår Andreas Aandstad fast. Saman med medelevane Bjørn Angelskår Moen og Adele Moltu svarte dei rett på alle tolv spørsmåla. Nest beste lag hadde 11 poeng.

Fredag blei innsatsen feira med is og sjokolade for heile 10. trinnet, gratulasjonar frå rektor Bente Tjelta og applaus frå medelevar.

10. klassingane Emmy Leavy og Silje Aartun er imponert over innsatsen til laget frå Finnøy.

-Eg trur heile klassen sat klistra til radioen og fylgde med. Dei var veldig flinke, seier Emma Leavy.

-Me er skikkeleg imponert over Adele og dei andre, seier Emma Leavy og Silje Aartun. Foto: Rune Nedrebø

Nå går laget frå Finnøy direkte vidare til fylkesfinalen, og viss dei vinn der får dei Oslo-tur til norgesfinalen og kjem på tv.

-Me bør ha gode muligheter, for me var det einaste laget som fekk full pott, seier dei tre stolte vinnarane.

Dei tre har kvar sine kategoriar som dei skal øva på fram til fylkesfinalen. Bjørn har historie, geografi og næringsliv mens Andreas har musikk, sport og diverse mindre kategoriar. Adele har spesialisert seg på politikk og samfunn i tillegg til andre mindre tema.

-Korleis er de blitt så flinke?

-Det er kunnskapar me har plukka opp gjennom åra. Dessutan har me veldig gode lærarar, seier dei tre.

-Sjølv om eg seier at eg eigentleg ikkje likar å gå på skule, er skulen på Finnøy mykje betre enn mange andre skular, seier Andreas.

-Korleis var det å vinna?

-Veldig kjekt, seier dei tre.

Innsatsen blei feira med is og sjokolade, og Andreas, Adele og Bjørn fekk naturlegvis forsyna seg først. Foto: Rune Nedrebø

I tillegg til å gå på skule og vera med i klassequiz spelar både Andreas og Bjørn fotball på G-16 laget på Finnøy. Adele spelar også fotball, og i tillegg driv ho med symjing.

-Kva skal de gjera neste år?

-Det blir bygg og anlegg på Tryggheim Nærbø på meg, svarar Andreas.

-Eg vil gå på naturbruk i Lyngdal, seier Bjørn, mens Adele ikkje heilt har bestemt seg.

-Men det kan bli studiespesialisering eller idrett, seier ho.