Birger (Sp) om badeanlegg: – Ikkje ein veldig god idé

Ideen om å bygge eit badeland for Stavanger på Judaberg møter motstand.

Senterpartiets Birger Wikre Hetland vil bruke kreftene på andre ting i Finnøy enn eit badeland.
Publisert: Publisert:

– Eg likar gode og spenstige forslag, men eit badeanlegg for Stavanger på Judaberg er ikkje ein veldig god idé, seier Birger Wikre Hetland.

Han er leiar i Finnøy kommunedelsutvalg og står på tredjeplass på Senterpartiets liste til kommunevalet.

– Me har på gong to andre anlegg i Finnøy som me heller må kjempe om støtte til frå Stavanger kommune, seier Hetland:

– Det eine er BMX-bane med tribuneanlegg på Fogn, som eg meiner er eit kjempegodt prosjekt. Det andre er ein aktivitetspark på tomta til gamle Rygjabø vidaregåande skule.

Det er KrFs ordførarkandidat og finnøybu Henrik Halleland som har lansert Judaberg som staden for eit badeland i Stavanger, sidan tomteprisen på Finnøy er mykje lågare enn midt i byen.

Hetland er redd for at eit dyrt og luftig badeprosjekt kan øydelegge for andre og meir modne prosjekt:

– Det er grenser for kor mange kjekt-å-ha-prosjekt me kan satse på. Eit folkebad og badeland for folk i Stavanger meiner eg bør ligge sentralt. Me må av og til tenke regionalt, ikkje berre at det er så kjekt på Finnøy.

Publisert: