Finnøy kan for alvor starte nedteljinga til Tomatfestivalen. Foto: Sigbjørn Høidalen

Førstkomande fredag klokka 11.50 er det opningsshow for Tomatfestivalen på kunstgrasbanen utanfor Finnøy skule.

Så går det slag i slag med konsertar, konkurransar, marknad og ulike arrangement heile helga.

SJÅ HEILE PROGRAMMET

Værvarselet for Finnøys store festhelg lovar godt. Både fredag og laurdag skal det bli opphaldsvær med gløtt av sol og så godt som vindstille. Laurdag blir det varsla dagtemperatur på 25 grader, som betyr at dette blir ein av sommarens mildaste dagar.

Værvarsel for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no

Tomatfestivalen startar med ein tomatkonferanse på Utsyn torsdag klokka 12.00, men den er ikkje så væravhengig.